Kryssaren «Königsberg»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kryssaren «Königsberg».
Foto: W. Scheffler

«Königsberg» var den første av tre lette kryssarar av Königsberg-klassa eller K-klassa. Dei andre to var «Karlsruhe» og «Köln». «Königsberg» tok del i invasjonen i Noreg, Operation Weserübung. Skipet vart seinare senka utanfor hamna i Bergen og vart liggjande slik for resten av krigen.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Kryssaren «Königsberg»i Gdynia, Polen om lag 1935.

Grunna dei strenge rustingskrava i Versailles-traktaten kune den lette kryssaren «Emden» berre utstyrast med tårn med enkle skyts. Krava Bestemmelsane vart etterkvart letta på, noko som gjorde det mogleg å starte bygginga av meir moderne kryssarar. Ein av desse var «Königsberg».

For å spare vekt vart omtrent 85 % av skroget sveisa istaden for nagla. Dette førte derimot til ein betydeleg svakare konstruksjon. Ettersom skipet og hadde for kort rekkevidde, var ikkje skipet eigna til sin eigentlege oppgåve, som var sjøgåande teneste i Atlanteren. Kjølen til «Königsberg» vart laga den 12. april 1926 på Kriegsmarinewerft Wilhelmshaven

Hovedbevepninga var 9 kanonar i trillingtårn: eit forut og to akterut. Ein eigenskap ved klassa var at aktertårna ikkje stod i senterlinja til skipet. Ein hadde også seks 8,8 cm og åtte 3,7 cm luftverkanonar, og vidare åtte 20mm maskinkanonar som i 1945 vart auka til 18 stk. Skipet hadde dessutan 12 torpedorøyr og var utstyrt med to Heinkel He-60 sjøfly.

Teneste og skjebne[endre | endre wikiteksten]

Etter ei rekke utanlandsreiser i 30-åra, byrja «Königsberg» kystovervakinga av den spanske kystfarvatnet i tida frå november 1936 fram til januar 1937 og den Spanske borgerkrigen. Etter krigsutbrotet var «Königsberg» skuleskip i Austersjøen og deltok i mineoperasjonar i Nordsjøen.

I april 1940 tok «Königsberg» del i Operation Weserübung, invasjonen av Noreg og transporterte tyske tropper til Bergen, saman med søsterkipet «Köln», artilleriskuleskipet Bremse og torpedobåtene «Wolf» og «Leopard». «Königsberg» vart treft frå norske kystbatteri, blant anna frå Kvarven fort. Dette førte til at skipet ikkje kunne halde følgje med dei øvrige tyske fartøya tilbake til Tyskland og vart verande i Bergen. Neste dag vart «Königsberg» angripen av 15 engelske stupbombefly av typen Blackburn B-24 Skua som fekk inn tre solide treffarar. «Königsberg» kantra og sokk i hamna.

Den 17. juni 1942 vart vraket heva, snudd og etterkvart nytta som pir for U-båtar. Den 22. september 1944 kantra «Königsberg» på nytt og vart liggjande slik til etter krigen, då skipet vart hogd opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]