Krystallform i mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krystallform eller habit er omgrep innanfor mineralogien som beskriv korleis det ytre til ein krystall ser ut med omsyn til form og storleik.

Dei mange uttrykka mineralologane nyttar til å beskrive krystallforma er nyttig med tanke på beskrive korleis ein enkel krystall av eit mineral ofte ser ut. Ved å kjenne talrike krystallformer har det hjelpt mineralogane til å identifisere eit stort tal på mineral. Nokre former er spesielle for visse mineral, men dei fleste minerala kan opptre i fleire former i det utviklinga av ei form er avhengig av vilkåra under danninga av mineralet eller korleis krystallveksten fann stad. Krystallen si ytre form kan lure den urøynde sidan den indre krystallstrukturen eller krystallsystemet ikkje treng å komme til syne.

Faktorar som påverkar krystallforma omfattar:

  • ein kombinasjon av to eller flire krystallformer
  • sporelement som er til stades under krystallveksten
  • krystalltvilling og veksetilhøve (t.d. varme, trykk, rom)

Mineral som høyrer til same krystallsystem treng ikkje gi opphav til same krystallform. Nokre krystallformer av eit mineral er unike for ein variant og for lokaliteten: For eksempel, medan dei fleste safirane dannar avlange tønneforma krystallar, dannar dei frå Montana ein kraftig lagdelt (tabulær) krystall. Vanlegvis ser ein denne forma berre i rubin. Safir og rubin er variantar av det same mineralet korund.

Nokre mineral kan erstatte andre eksisterande mineral utan å endre den opphavlege krystallforma. Denne prosessen blir kalla pseudomorf utbytting. Eit klassisk døme er tigerauge kvarts, krokidolitt (blå asbest) erstatta av silica. Medan kvarts typisk dannar euhedral (well-formed), prismatiske (avlange, prismeliknande) krystallar, i tigerauge er den opphavlege fiberaktige krystallforma til krokidolitt uendra.

Liste over krystallformer (habitar)[endre | endre wikiteksten]

Krystallform (Habit)[1][2][3] Beskriving Eksempel
Asikulær, nåleforma Nål-liknande, slank og/eller avtagande Rutil i kvarts
Mandelaktig (Amygdaloidal) Mandel-forma Heulanditt
Anhedral Dårleg forma, ytre krystallflater er ikkje danna Olivin
Blada Blad-liknande, slank og flat Kyanitt
Botryoidal eller globulær Drue-liknande, halvkule massar Smithsonitt, Hemimorfitt, Adamitt og Variscitt.
Søyleforma (Columnar) Liknande til fibra form: lang og slank ofte med parallell vekst Kalsitt
Cokscomb Aggregerte flaka eller plateforma (tabular) tettpakka krystallar. Baritt
Dendrittisk eller arborescent Tre-liknande, greina i ein eller fleire retningar frå eit midtpunkt Magnesitt i opal
Dodekahedrisk Dodekahedron, 12-sida Granat
Klaseforma (Drusy) eller skorpe (inkrustasjon) Aggregat av ørsmå krystallar som dekker ei overflate Uvarovitt, kvarts
Speilvendt (Enantiomorfisk) Speilbilde krystallform og optiske karaktertrekk; høgre- og venstre-hendte krystallar Kvarts
Like lengder (Equant), kraftig, kort og stiv eller blokkforma Lengd, breidde og tjukkleik omtrent like Zirkon
Idomorf (Euhedral) Godt forma, ytre krystallflater er utvikla Spinell
Fibra eller søyleforma Ekstremt tynne prisme Tremolitt
Filiform eller kapillær Hår-liknande eller tråd-liknande, ekstremt tynne Natrolitt
Foliert (blada) eller glimmeraktig (micaceous) Lagdelt struktur, delast lett i tynne flak Glimmer
Granulær Aggregat av allotriomorfe krystallar i ei matrise Scheelitt
Hemimorfisk Dobbelt avslutta krystall med to ulikt forma endar Hemimorfitt
Brystvorteliknande (Mamillary) Bryst-liknande: overflata danna av overlappande delvis kuleforma kuler Malakitt
Massive eller kompakt Formlaus, ingen spesielle ytre krystallform Serpentin
Nodulær eller tuberose Avsetting av tilnærma kuleform med uregelrette utvekstar (protuberances) Geodes
Oktahedrisk Oktahedron, åtte-sida (to pyramidar base mot base) Diamant
Fjæraktig (Plumose) Fine, fjørliknande skjel Mottramitt
Prismatisk Avlange, prisme-liknande: krystallflatene parallell til c-aksen er godt utvikla Turmalin
Pseudo-heksagonal Ser sekskanta (heksagonal) ut på grunn av syklisk tvilling Aragonitt
Pseudomorf Er i forma til eit anna mineral gjennom pseudomorf utbytting Tigerauge
Utgåande stråling (Radiating) eller divergente Stråler ut frå eit midtpunkt Pyrittsol
Reniform, nyreforma eller colloform (kolloide kuler) Liknande til brystvorter (mamillary): overlappande nyreforma massar Hematitt
Retikulert, nettverk danning Nåleliknande (Acicular) krystallar som dannar eit nett-liknande samanvokster Cerussitt
Rosett Platete, rose-liknande aggregat som går ut frå eit sentralt punkt Gips
Kileforma (Sphenoid) Kileforma (Wedge) Titanitt (Sphene)
Stalaktitiak, dryppsteinaktig Dannar stalaktitt eller stalagmitt; sylindrisk eller kjegleforma dryppstein Rhodokrositt (Manganspat)
Stjerneforma (Stellate) Stjerneliknande, utstrålande Pyrofyllitt
Strima/stripa Vekstliner på overflata som er parallelle eller vinkelrett på den krystallografiske aksen Pyritt
Hypidiomorf (Subhedral) Ytre krystallflater berre delvis utvikla
Tabulær eller lamellær Flat, plateforma, uttrykt pinnacoid (sideflate er parallell med to av krystallaksane) Rubin
Nek av kveite (Wheat sheaf) Aggregat som liknar på handskorne nek av kveite Zeolittar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. What are descriptive crystal habits
  2. Crystal Habit, arkivert frå originalen 12. april 2009, henta 30. august 2010 
  3. Habit, arkivert frå originalen 1. desember 2017, henta 30. august 2010