Krystallnatta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herja synagoge i Berlin etter Krystallnatta. (Kjelde: Deutsches Bundesarchiv)

Krystallnatta (tysk die Kristallnacht, die Reichskristallnacht eller die Pogromnacht) er nemninga på natta mellom 9. november og 10. november 1938, og markerer starten på ei dramatisk opptrapping av jødeforfølgingane i Nazi-Tyskland. Nazistane innleidde da omfattande pogromar i Tyskland og Austerrike. Det er rekna med at rundt 200 jødar blei slått i hel denne natta, 267 synagoger blei brende ned og over 7 500 butikkar blei vandaliserte. I tillegg blei meir enn 26 000 jødar førte til konsentrasjonsleirar, hovudsakleg til Buchenwald, Dachau og Sachsenhausen.

10. november var fortaua fulle av knust glas frå dei jødiske forretningane, og dette var grunnen til at denne forfølginga fekk dette namnet. Etter Krystallnatta blei dei tyske og austerrikske jødane ilagde ei kollektiv bot på éin milliard mark, tilsvarande 4000 mark for kvar enkelt jøde.

Før 1930-åra hadde mange askenasiske jødar busett seg i Tyskland. Fredag 28. oktober 1938 blei omkring 17 000 av dei utan forvarsel samla midt på natta og deporterte til Polen. Mange av dei hadde budd i Tyskland heile sitt liv, og nokre var dekorerte krigsveteranar frå første verdskrigen som hadde kjempa for Tyskland.

Den polske regjeringa nekta å sleppe dei inn i landet, og det betydde at dei måtte opphalde seg i ingenmannsland mellom grensestasjonane ein kald dag og ei natt, inntil tyske myndigheiter klarte å overtale polakkane til å sleppe dei gjennom.

Herschel Grynszpan, ein tysk jøde som hadde flykta til Frankrike, fekk eit brev frå familien sin om dei forferdelege omstenda omkring denne deportasjonen. I eit forsøk på å lette situasjonen deira, vende han seg dei neste dagane fleire gonger til Ernst vom Rath, tredjesekretæren ved den tyske ambassaden i Paris. Vom Rath hadde ikkje til hensikt å hjelpe til, og måndag 7. november skaut Grynszpan han i magen. Han avfyrte tre skot til som bomma. To dagar seinare, den 9. november, døydde vom Rath.

Mordet på vom Rath blei eit påskot for ein pogrom mot jødane i heile Tyskland. Angrepet skulle sjå ut som om det var spontant, slik at verda skulle sjå at tyskarane slo tilbake i avsky mot jødane. Men det var iscenesett av tyske myndigheiter, med Reinhard Heydrich som hovudansvarleg. Regjeringa sette nazipartiet sine organisasjonar og delar av det regulære politiet i gang med å organisere opptøyane.

Behandlinga av dei jødane som vart førte til konsentrasjonsleirane var svært brutal, men dei fleste blei sleppte fri i løpet av tre månader mot at dei lova å forlate Tyskland. Nazistane hadde på denne tida enno ikkje utarbeidd «den endelege løysinga», planen om utrydding av jødane, og deportasjon eller «frivillig» utvandring blei derfor framleis sett som ei løysing på det nazistane refererte til som «jødeproblemet».

Ein reknar med at ca 200 jødar blei slått i hel under sjølve Krystallnatta. I tillegg kjem mellom 2000 og 2500 dødsfall i konsentrasjonsleirane blant dei som blei arrestert under eller rett etter Krystallnatta.

I Austerrike blei dei fleste av Wien sine 94 synagogar og bønehus heilt eller delvis øydelagde. Jødar blei grovt audmjuka, blant anna ved at dei blei tvinga til å skure fortaua dagen etter mens dei blei skjelte ut. Audmjukinga blei spesielt sterk fordi mange av dei som deltok, var deira tidlegare kjende og naboar.

Krystallnatta førte til sterke reaksjonar frå andre land. I resten av Europa og i Nord-Amerika førte det til ei diskreditering av nazistiske rørsler. Mange aviser fordømte pogromen, og enkelte samanlikna det med pogromane i tsar-Russland i 1880-åra. USA tilbakekalla ambassadøren sin frå Berlin, men avbraut ikkje det diplomatiske sambandet.

Forfølginga og den økonomiske skaden som ramma tyske jødar, enda ikkje med pogromen. Dei blei pålagde ei kollektiv bot på ein milliard mark for mordet på von Rath. I tillegg blei forsikringsoppgjeret på omkring seks millionar mark utbetalt til regjeringa, i staden for til eigarane av dei skadde eller øydelagde eigedomane.

12. november møtte Hermann Göring andre medlemer av nazipartileiinga for å planleggje neste steg. Møtet la grunnen for ei intensivert forfølging som etter kvart utvikla seg til Holocaust.

Krystallnatta utløyste såleis ein ny fase i dei antisemittiske aktivitetane i Tyskland, og kan i ettertid sjåast som det første seriøse steget i retning av forsøket på å systematisk utrydde jødane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen, som lesen 10. november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krystallnatta