Kryvyj Rih

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°55′0″N 33°15′0″E
Kryvyj Rih
ukrainsk Кривий Ріг, russisk Кривой Рог, Krivoj Rog
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Province Dnipropetrovsk oblast
Distrikt Kryvyj Rih rajon
høgd 84 moh
koordinatar 47°55′0″N 33°15′0″E
Areal 410 km²
Folketal 664 499 (2011)
Tettleik 1 621 / km²
Grunnlagd 1775
 - Bystatus 1919
borgarmeister Jurij Vilkul[1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 50000-50479
Retningsnummer +380 56(4)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kryvyi Rih
Nettstad: kryvyirih.dp.ua

Kryvyj Rih (ukrainsk Кривий Ріг; russisk Кривой Рог, Krivoj Rog) er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg Dnipropetrovsk oblast, sørvest for Dnipropetrovsk, ved samløpet mellom elvane Inhulets og Saksahan. Byen har kring 650 000 innbyggjarar (2007)

Kryvyj Rih er utan tvil den største stålindustribyen i Aust-Europa, og eit globalt viktig metallurgisk senter i Kryvbas-regionen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kryvyj Rih har eit tørt steppeklima (Bsk) i følgje Köppen si klimaklassifisering. Dette gjev varme somrar og kalde vintrar med lite nedbør.

Klimadata for Kryvyj Rih
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 13.0 18.9 23.5 28.9 35.8 36.4 38.6 39.6 32.2 31.7 21.7 15.3 39,6
Normal maks. temp. °C -0.9 0.1 6.1 15.0 21.8 25.2 27.8 27.5 21.4 14.0 5.5 0.4 13,7
Døgnmiddeltemp. °C -3.5 -3.1 1.9 9.6 15.9 19.5 21.8 21.2 15.6 9.1 2.3 -2.1 9,0
Normal min. temp. °C -6.3 -6.2 -1.8 4.4 9.8 13.7 15.7 15.0 10.1 4.7 -0.6 -4.7 4,5
Kulderekord °C -27.2 -27.3 -21.0 -8.9 -1.6 2.8 7.3 5.0 -3.7 -10.0 -18.6 -24.5 -27,3
Nedbør (mm) 30 29 24 28 45 62 58 32 38 37 31 28 442
Kjelde: Pogoda.ru.net[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd på 1700-talet av zaporozje-kosakkar. Kryvyj Rih tyder på ukrainsk krokete horn. I følgje ei lokal segn vart byen grunnlagd av ein krokete (ukrainsk sjargong for einaugd) kosakk kalla Rih. Men ein veit at namnet på byen vart nytta om dette området før byen vart grunnlagd på grunn av forma på landområdet der elva Saksagan munnar ut i Inhulets.

Industriveksen i området byrja i 1880-åra då europearar byrja å investere i gruvedrifta her. Metallverka i byen, særleg Kryvorizjstal, vart utvida i sovjettida og er i dag eit av dei største i verda.

Under den russiske borgarkrigen vart byen og området kring kjernen i anarkiopprøret Nestor Makhno.

Under andre verdskrigen vart Kryvyj Rih nesten totalt øydelagd av den flyktande raude armeen. Etter krigen levde folk blant ruinane medan husa vart gjenoppbygd. Husmangelen vart møtt med innovative teknologiske løysingar som gjorde at ein raskt kunne byggje brakker og hus i raskt tempo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «City of Kryvyj Rih, Dnipropetrovsk oblast» (på ukrainsk). Regionar i Ukraina and their Structure. Verkhovna Rada of Ukraina. http://w1.c1.rada.gov.ua/pls/z7502/A005?rdat1=27.02.2012&rf7571=6899. Henta 27 February 2012. 
  2. «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. http://pogoda.ru.net/climate/33791.htm. Henta 3 juli 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kryvyj Rih