Kubasmaragd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kubasmaragd

Status i verda: LC Livskraftig

Kubasmaragd, hannfugl Foto: Ramiro Chaves
Kubasmaragd, hannfugl
Foto: Ramiro Chaves

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Slekt: Chlorostilbon
Art: C. ricordii
Vitskapleg namn
Chlorostilbon ricordii
Gervais, 1835

Kubasmaragd, Chlorostilbon ricordii, er ein liten fugl i den biologiske familien Trochilidae, kolibriar. Han lever i halvopne habitatCuba og på Bahamas. På Cuba er han mest kjent under namnet zunzún, kallast òg colibrí og trovador - trubadur.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kubasmaragden måler ca. 10 cm. Den modne fjørdrakta åt hannfuglen er mørk metallisk grøn, ein sjeldan gong kan han vise svakt iriserande blått eller gullfarge i brystet. Buk og undergump er mindre briljant i farga og undergumpen blir gråkvit. Hofuglane er mørkare og mindre klår i farga enn hannane og bryst og underside er grå. Felles for begge kjønn er gråsvarte venger og kløfta hale i gråsvart med lilla nyanser. Det lange nebbet er svakt bendt, mørkt med rosa farge på undersida. Bak auga har dei ein kvit flekk. Ungfuglar liknar hoene, men på ryggen er dei meir uklåre i grønfarga.

Dei kan stå stille i lufta og dei flyg sidelengs og baklengs når dei flyttar seg mellom blomar. Når dei beitar på blomar kan dei bøye kroppen i rundt 45 grader. Dei lever av nektar og små insekt frå blomar og dei kan ta edderkoppar og insekt i flukt. Nett som andre seglarfuglar, Apodiformes, kan dei ikkje bruke beina til å gå, men som andre kolibriar sit dei på greiner når dei kviler.

Hekking kan skje året rundt, men er mest vanleg om våren. Hofuglen syter for reiret aleine og byggjer reiret på stader som elles er lite vitja av kubasmaragdar. Vanlegvis er dei lojale til reirplassen, men unngår å nytte om att same reiret. Reiret er koppforma og ligg i skuggen på ei tynn forgreining i eit tre, to til fire meter over bakken. Ho startar bygginga med ein ball av tynne strå og legg tynne greiner og røter som forsterkning, deretter opnar ho reirgropa som ho gjer større og formar med kroppen sin. Innsida vert fôra med fine fiber av lav og spindelvev, som også stikk ut. Vidare kan det stikke ut blader eller bark av Bursera-plantar som er nytta som tetningsmiddel. Ho legg to kvite egg, 13 mm lange og 9 mm i breidde. Hofuglen godtar ikkje andre hoer nær reiret og kan dessutan vere svært aggressive mot dyr i alle storleikar som kjem nær. Ungane blir fôra til etter dei har forlate reiret.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kubasmaragd
Namn på andre språk
Svensk Jättekolibri
Dansk Kæmpekolibri
Engelsk Cuban Emerald
Tysk Kubasmaragdkolibri
Fransk Émeraude de Ricord
Spansk Zunzún
Russisk Kubinskij izumrudnyj kolibri (Кубинский изумрудный колибри)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Blanco Rodríguez, P. (1997). El maravilloso mundo de los zunzunes. Flora y Fauna 1(1):39-43. (Empresa Nacional para la Conservación de la Flora y la Fauna, Cuba). ISSN:1028-0863
  • García, F. (1987). Las Aves de Cuba. Especies endémicas. Subespecies endémicas. Tomos I y II. Editorial Gente Nueva, La Habana. 207 pp.
  • Garrido, O.H.; Kirkconnell, A. (2000). Birds of Cuba. Helm Field Guides, Londres. 253 pp.
  • John Gould y H.C. Richter. From A Monograph of the Trochilidæ, or Family of Hummingbirds. London, 1861.

Referansar[endre | endre wikiteksten]