Kubenskojesjøen

Koordinatar: 59°42′N 39°30′E / 59.700°N 39.500°E / 59.700; 39.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kubenskojesjøen
innsjø
Land  Russland
Innsjøtype Naturleg innsjø,
reservoar
Utløp Sukhona
Høgd over havet 109 moh.
Lengd 60 km
Breidd 3−9 km
Areal 407 km²
Middeldjupn m
Koordinatar 59°42′N 39°30′E / 59.700°N 39.500°E / 59.700; 39.500
Kart
Kubenskojesjøen
59°38′25″N 39°26′49″E / 59.640277777778°N 39.446944444444°E / 59.640277777778; 39.446944444444
Wikimedia Commons: Lake Kubenskoye

Kubenskojesjøen (russisk Кубенское озеро) er ein stor og grunn innsjø i Vologda oblast i Russland, om lag 109 meter over havet. Han strekkjer seg 60 km frå nordvest til søraust og er 3–9 km brei.

Han har eit areal på 648 km², og utan øyar 407 km². I snitt er innsjøen 3 meter djup. Han er kjend som ein vindfull stad og varierande vassnivå gjennom året. Gjennom året varierer djupet frå 2,4 til 5,5 meter.[1] Kubenskojesjøen er kjelda til elva Sukhona.

Området ved Kubenskojesjøen vart busett av russarar på 1100-talet då Kamennij kloster vart grunnlagd på ei øy i innsjøen. Ein av greinene til fyrstane av Jaroslavl eigde land i nærleiken og vart kalla fyrst Kubenskij. Sidan 1828 har innsjøen vore ein del av Volga-Nordlege Dvina-kanalen. Den austlege endepunktet for Nordre Dvina-kanalen er nordvestenden av innsjøen. I 1917 vart det bygd ei demning ved utsiget i Sukhona og innsjøen vart omgjort til eit vassreservoar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]