Kubuntu er ein versjon av Linux-distribusjonen Ubuntu, som nyttar skrivebordsmiljøet KDE.
Skilnadar frå Ubuntu [endre]
Den største skilnaden frå Ubuntu er at Kubuntu nyttar KDE skrivebordsmiljø. Det er òg nokre skilnadar i kva programvare som er installert, men mykje av dette kan endrast ved å installera eller avinstallera tilleggsprogramvare.
| Farge |
Tyding |
| Grøn |
Begge |
| Orange |
Ubuntu standard |
| Blå |
Kubuntu standard |
| Farge |
Tyding |
| Raud |
Utgåver som ikkje lenger vert vedlikehaldne |
| Gul |
Utgåver som framleis vert vedlikehaldne |
| Grøn |
Siste utgåve |
| Blå |
Framtidige utgåver |
Kubuntu fyljer same namn og versjonnumerering som Ubuntu, der kvar utgåve har eit kodenamn og eit versjonsnummer (tufta på året og månaden utgåve vart innført). Dei fleste utgåvene vert vedlikehaldne i 18 månadar, men langvedlikehaldsversjonar, merkte med LTS (Long Term Support), vert vedlikehaldne i 3 år for arbeidsstasjonar og 5 år for tenarar.
| Versjon |
Utgjevingsdato |
Kodenamn |
Vedlikehalden til |
Kommentarar |
| 5.04 |
2005-04-08. |
Hoary Hedgehog |
2006-10-31 |
Fyrsteutgåva, med KDE 3.4 og fleire KDE-program. Nokre av desse, som til dømes Amarok, Kaffeine, Gwenview og K3b, var ikkje ein del av den offisielle KDE-utgåva. Utgåva inkluderte programoppdateringshandsamaren Kynaptic, som var kompatibel med Kickstart. |
| 5.10 |
2005-10-13[1][2] |
Breezy Badger |
2007-04-13 |
KDE 3.4.3 nytta konfigurasjonsverktøyet Guidance og programoppdateringshandsamaren Adept nytta «debtags», som hadde ein brukbar søkefunksjon. Andre nyheiter var KDE Bluetooth, ein grafisk boot-skjerm med progresjonsstripe (USplash), OEM installasjonsstøtte og så vidare. |
| 6.06 LTS |
2006-06-01. |
Dapper Drake |
2009-06 |
Langvedlikehaldsversjonar (LTS), med Ubiquity installeringsverktøy, Adept mellingssystem, X Display konfigurasjonsverktøy og forbetra støtte for asiatiske språk, etc. |
| 6.10 |
2006-10-26 |
Edgy Eft |
2008-04 |
KDE 3.5.5. Denne utgåva var utstyrt med Digikam fotohamdsaming of tilgangsprofilar med støtte for funksjonshemma brukarar. Det var endringar i systeminnstillingane, effektkontrollen, nettverk og støtte for bærbare maskinar. Ei anna oppdatering var automatisk feilrapportering og oppstart. |
| 7.04 |
2007-04-19[3] |
Feisty Fawn |
2008-10 |
KDE 3.5.6, Migrasjonsassistent, KVM, ny codec/drivar-installasjon, Systemkonfigurasjonen var del i to katagoriar: general og advansert. Det var betre støtte for Hewlett-Packard skrivarhandsaming, KNetworkManager, støtte for WPA. Det var eit forbetra hjelpesystem, organisert etter emne, støtte for OEM-oppdatering. Utgåva hadde ikkje offisiell støtte for PowerPC. |
| 7.10 |
2007-10-18. |
Gutsy Gibbon |
2009-04-18 |
Ny bakgrunnsgrafikk, Strigi og [[Dolphin (filhandsamaar, Qt-utgåve av grafikkinstallasjonsverkøytet GDebi. Det vart innført ein drivarhandsamar. |
| 8.04 |
2008-04-24[4] |
Hardy Heron |
2009-10. |
På grunn av at ein gjekk frå KDE 3 til KDE 4 var det to versjonar av 7.10, ein med KDE 3.5 og ein med KDE 4.0. Kubuntu Hardy var difor ikkje ei LTS-utgåve [1]. Denne versjonen tol sikte på å vera meir kompatibel med Ubuntu, som nyttar GNOME skrivebordsmiljø.[5]. Mellom desse endreingane var KDM, automatisk skrivardeteksjon og ein Qt-basert dialog for skrivarkonfigurasjon, og enklare codekinstallasjon i Kaffeine. I denne versjonen vart muspeikaren automatisk gripen tak i og slepp når operativsystemet kjøyrde i VMware. |
| 8.10 |
2008-10-30 |
Intrepid Ibex |
2010-04-30 |
Denne versjonen hadde Linux-kjerne v. 2.6.27, Xserver 1.5 og KDE 4.1.2, med KWin, som standard skrivebordmiljø, Adept 3 pakkehandsamingsverktøy, KNetworkManager 0.7. |
| 9.04 |
2009-04-23 |
Jaunty Jackalope |
2010-10 |
Denne versjonen hadde Linux-kjerne v. 2.6.28, Xserver 1.6, KDE 4.2.2 som standard skrivebordmiljø, KPackageKit i staden for Adept[6] og ext4 filsystem[7]. Det var ikkje-offisiell støtte for PowerPC [8] |
| 9.10 |
2009-10-29 |
Karmic Koala |
2011-04-28 |
Nytta Linux-kjerne 2.6.31, GRUB 2, og KDE 4.3.2 skrivebordsmiljø. |
| 10.04 LTS |
2010-04-29 |
Lucid Lynx |
2013-04 |
LTS-utgåve. Nytta Kernel 2.6.32, KDE 4.4.2 skrivebordsmiljø, KPackageKit 0.5.4 og Firefox nettlesar. |
| 10.10 |
2010-10-10 |
Maverick Meerkat |
2012-04 |
Nytta KDE 4.5, snøggare innlogging, Kpackagekit, oppdatert innstallerings og ei ny oppdatert Blåtann. Standard nettlesar var endra til Rekonq. PulseAudio audiotenar. |
| 11.04 |
2011-04-28 |
Natty Narwhal |
2012-10 |
Nytta Linux.kjerne v. 2.6.38KDE SC 4.6, ]]GStreamer]] for Phonon. |
| 11.10 |
2011-10-13 |
Oneiric Ocelot |
2013-04 |
Nytta Linux.kjerne v. 3.0.3, KDE SC 4.7 skrivebirdsystem, OpenGL ES, Muon Software Centre, Kdepim 4.7.2[9] |
| 12.04 |
2012-04-26 |
Precise Pangolin |
2017-04 |
Den 3. Kubuntu-utgåva med langtidsstøtte (LTS). KDE SC 4.8 Kernel 3.2.0. |
| 12.10 |
2012-10-18 |
Quantal Quetzal |
2014-04 |
|
Referansar [endre]
- ↑ Announcing the Ubuntu 5.10 release, lists.ubuntu.com. (vitja 105-2012)
- ↑ 5.10 Release Notes, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
- ↑ FeistyFawn, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
- ↑ HardyReleaseSchedule, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
- ↑ Kubuntu Hardy Catchup – Ubuntu Wiki, wiki.kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
- ↑ Farewell, Adept, web.mornfall.net (vitja 10/5-2012)
- ↑ Kubuntu, wiki.kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
- ↑ Kubuntu 9.04 Out in the Wild, kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
- ↑ ReleaseNotes, wiki.kubuntu.org (vitja 10/-2012)