Kuiperbeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kuiperbelte-objekt)
Kjende objekt i Kuiperbeltet, kjem frå data frå Minor Planet Central. Objekt i hovudbeltet er farga grøn, medan spreidde objekt er farga oransje. Dei fire ytre planetane er blå. Dei få kjende trojanane til Neptun er gule, medan Jupiter sine er rosa. Dei spreidde objekta mellom Jupiter og Kuiperbeltet vert kalla kentaurar. Skalaen er i astronomiske einingar. Det store tomrommet i botnen kjem av at det er vanskeleg å finne objekt i planet til Mjølkevegen.

Kuiperbeltet, dessutan kalla Edgeworth-Kuiper-beltet, er ein region i solsystemet som strekkjer seg frå banen til Neptun på 30 AE til omtrent 55 AE frå sola. Det liknar på asteroidebeltet men er mykje større; 20 gangar so vidt og 20 til 200 gangar so massivt. Som asteroidebeltet er det i hovudsak sett saman av smålekamar (restar frå danninga av solsystemet) og minst éin dvergplanet; Pluto. Medan lekamane i asteroidebeltet for det meste er sette saman av stein og metall, er kuiperbelteobjekta stort sett sette saman av frosne flyktige stoff som metan, ammoniakk og vatn.

Sidan oppdaginga av det første kuiperbelteobjektet (KBO) i 1992 har talet på kjende objekt stege til over tusen, og ein meiner at meir enn 70 000 KBO-ar med diameter på meir enn 100 km eksisterer i regionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kuiperbeltet
Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.