Kulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit isfjell

Kulde (mangel på varme) syner til tilhøve med eller subjektiv oppfatning av å ha låg temperatur.

Det kaldaste det teoretisk er mogeleg å oppnå er ein temperatur på absolutt null, òg kalla absolutt temperatur, som er 0 K på kelvinskalaen, ein termodynamisk temperaturskala, og −273.15 °C på celsiusskalaen.

Sidan temperaturen er knytt til varmeenergi i ein lekam eller eit stoff, som igjen er den kinetiske energien til den tilfeldige rørsla til partiklane stoffet består av. Ein lekam har mindre varmeenergi om han er kald enn når han er varm. Om det var mogeleg å avkjøle eit system til absolutt null, ville alle partiklane stoffet består av ha stått i ro. Lekamen ville då hatt null varmeenergi. I skildringa i kvantemekanikk ville stoffet likevel hatt nullpunktsenergi, sjølv ved absolutt null, på grunn av uvisseprinsippet.

Pattedyrsoppfatning[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå varmetrivsel.

Pattedyr har ein endotermisk («varmblodig») fysiologi. Dei har derfor ei oppfatning av varmetrivsel som er sentrert kring kroppstemperaturen. Varmetrivselen er avhengig av stoffskiftet og miljøet omkring dei, og vert påverka av varmeleiing, konveksjon, stråling og varmetap ved fordamping. Varmetrivselen vert opprethalden når varmen skapt av stoffskiftet får lov å forsvinne, slik at ein opprettheld termisk likevekt med omgjevnadane. Når likevekta ikkje vert opprettheldt på grunn av stort varmetap, vil ein få kjensla av å vere for kald.

Kjøling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå kjøling.

Kjøling syner til prosessen med å verte kald, eller å redusere temperaturen. Dette kan ein oppnå ved å fjerne varme frå eit system, eller utsette systemet for eit miljø med lågare temperatur.

Væsker nytta il å kjøle ned lekamar vert ofte kalla kjølevæsker.

Luftkjøling er prosessen med å avkjøle ein lekam med å utsette han for luft. Dette vil berre fungere om lufta har lågare temperatur enn lekamen, og prosessen kan forsterkast ved å auke overflatearealet eller auke massen til lekamen.

Ein annan vanleg metode å kjøle ned ein lekam på er å utsette han for is, tørris eller flytande nitrogen. Dette fungerer ved konveksjon der varmen vert overført frå den relative varme lekamen til den relative kalde kjølemiddelet.

Laserkjøling og magnetisk fordampingskjøling er teknikkar som vert nytta for å nå særs låge temperaturar.

Kjende kalde stader og lekamar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Boomerang Nebula boasts the coolest spot in the Universe». NASA's Jet Propulsion Laboratory. June 20, 1997. http://www.jpl.nasa.gov/news/releases/97/coldspot.html. Henta 1. september 2011. 
  2. Jonathan Amos (9 February 2009). «'Silver Sensation' Seeks Cold Cosmos». BBC News. 
  3. Hinshaw, Gary (December 15, 2005). «Tests of the Big Bang: The CMB». NASA WMAP. http://map.gsfc.nasa.gov/m_uni/uni_101bbtest3.html. Henta 1. september 2011. 
  4. http://www.nasa.gov/worldbook/uranus_worldbook.html
  5. http://www.nasa.gov/worldbook/saturn_worldbook.html
  6. http://www.nasa.gov/worldbook/mercury_worldbook.html
  7. http://www.nasa.gov/worldbook/jupiter_worldbook.html
  8. http://www.nasa.gov/worldbook/mars_worldbook.html
  9. http://earthobservatory.nasa.gov/IOTD/view.php?id=8070
  10. Bignell, Paul (2007-01-21). «Polar explorers reach coldest place on Earth». The Independent (London). 
  11. Budretsky, A.B. (1984). «New absolute minimum of air temperature» (på Russian). Bulletin of the Soviet Antarctic Expedition (Leningrad: Gidrometeoizdat) (105). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kulde