Kulelyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kulelyn er eit gåtefullt fenomen i form av ein kortvarig, glødande og svevande lekam som ofte har same storleik og form som ein basketball, men kan òg ha storleik som ein golfball eller mindre. Fenomenet er ikkje vitskapleg anerkjent sidan ein ikkje har ei fysisk forklaring på fenomenet. Dei er av og til knytte opp mot torevêr, men i motsetnad til lynglimt som går mellom to punkt, og varer ein brøkdel av eit sekund, kan kulelyn i følgje rapportar vare fleire sekund. Ein har produsert eit liknande fenomen i laboratorium, men ein er ikkje samde om dette er det same fenomenet.

Sjølv om eksistensen av kulelyn er omstridt, kjem det innimellom inn vitneobservasjonar og bilete av kulelyn. Desse kan vere falske, men kulelyn har vore omtalt i alle tider. Dessutan vert dei observert sjeldan og spreidd. Viss kulelyn berre er oppspinn burde det vere stor variasjon i kor ofte dei vert observert avhengig av om kulelyn er på «moten» eller ikkje. Dette ser derimot ikkje ut til å vere tilfelle. I Noreg vert kulelyn oftast observert på Sørlandet, og nokon meiner at naturfenomenet i Hessdalen òg kan vere kulelyn.

Rapportar[endre | endre wikiteksten]

Ein trudde tidlegare at elektrostatiske utladingar i form av kulelyn var svært sjeldne, men undersøkingar i USA har vist at eit par prosent av folkesetnaden der meiner har sett fenomenet.

Det finst svært få bilete av kulelyn og skildringane frå augevitne kan variere mykje. Mange av forteljingane om eigenskapane til observerte kulelyn motseier ofte kvarandre, og det er mogeleg at det dreier seg om fleire fenomen som feilaktig er plassert inn under det same fenomenet. Det er òg mogeleg at nokre av bileta er falske.

Utladingane skjer i følgje rapportar i samband med torevêr, og av og til ut i frå eit lynnedslag, men mange rapportar er av kulelyn som har oppstår i fint vêr utan torevêr i nærleiken.

Kulelyn ser i følgje vitne ut til å sveve i lufta og er utforma som ei kule. Forma har vore skildra osm ein sfære, eggeforma, tåreforma, eller stavforma. Mange er raude og gule i fargar, av og til gjennomsiktig, og av og til med trådar eller gnistar som stråler ut. Andre fargar som blå og kvit er òg rapportert.

Av og til vert utladinga skildra som at den vert trekt mot visse lekamar, og at dei av og til flyttar seg rundt tilfeldig. Etter nokre sekund forsvinn utladinga, spreiar seg til alle kantar, vert absorbert av noko, eller eksploderer (men dette er meir sjeldan).

Ei skildring av kulelyn frå 1800-talet

Pilotar under Andre verdskrig skildra eit uvanleg fenomen, der kulelyn kan vere forklaringa. Pilotane såg små lysande kuler som følgde etter bombeflya, og fauk ved sida av vengespissen. Pilotane på den tida kalla fenomenet «foo fighters», fordi dei trudde lysa kom frå fiendtlege fly. Det finst òg andre teoriar på kva dette kan ha vore. Andre forteljingar fortel om kulelyn over komfyrar og kjøkenvaskar av metall eller langs midtgangen på fly.

Laboratorieeksperiment[endre | endre wikiteksten]

Ein har prøvd i årevis å produsere kulelyn i laboratorium, men det er fleire fenomen som kan likne kulelyn utan å vere det. Dei mest kjende er lysande sfærar frå energirike bogar mellom metallelektrodar. Slike bogar bles ut små dropar av smelta metall som er varma til ekstremt høge temperaturar. Fordi dei har så høgt varmeinnhald, vil desse dropane fortsette å lyse fleire sekund etter dei har landa på ei overflate, og den fysiske forma deira kan få dei til å rulle medan dei framleis skin. Dei liknar derfor på kulelyn før dei vert avkjølt. Dette er same fenomenet som ein kan sjå frå sveisesprut.

Enkelte laboratorium hevdar dei har klart å produsere kulelyn, men det finst ingen klare prov på at fenomenet som var produsert er det same som kulelyn. Den naturlege førekomsten er vanskeleg å dokumentere nøyaktig, og derfor er det mange forskarar som reiser tvil om kulelyn i det heile tatt eksisterer.

I juni 2006 klarte forskarar ved Max-Planck-Institut für Plasmaphysik i Tyskland å produsere eit fenomen med eit relativt enkelt vasstankeksperiment. Eksperimentet innehaldt to elektrodar i ein liten tank med saltvatn, der den eine elektroden var dekt av eit leirrøyr. Stor straum på over 60 ampere vart sendt gjennom vatnet i 150 millisekund, og fordampa vatnet inne i leirrøyret. Dette førte til ei plasmakule i tanken som varte 0,3 sekund. Sjølv om plasmakula skein med eit skarpt lys var den forholdsvis kald, om lag som eit neonrøyr.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Eit tidleg forsøk på å forklare kulelyn vart gjort av Nikola Tesla i 1904.

Det er vanskeleg å forklare korleis eit kulelyn om lag kan sveve stille i lufta. Ein populær hypotese er at kulelyn er bygd opp av ionisert plasma som er heldt saman av eit eigenprodusert magnetisk felt, ein plasmoide. Denne hypotesen er i utgangspunktet ikkje haldbar. Viss gassen er ionisert, og i nær termodynamisk likevekt må den vere svært varm. Sidan trykket òg må vere i likevekt med den omliggande lufta vil den vere mykje lettare enn lufta og dermed sveve raskt oppover. Magnetiske felt rundt plasmoiden kan ikkje redusere denne oppdrifta. I tillegg kan ikkje varm plasma vare særleg lenge på grunn av rekombinasjon og varmekonduksjon.

Det finst kanskje enkelte uvanlege former for plasma som reglane over ikkje gjeld for. T.d. kan ein danne plasma av negative og positive ion, i staden for elektron og positive ion. I dette tilfellet kan rekombinasjonen skje seint, sjølv i temperaturen til omgivnadane. Ein slik teori involverer ladd hydrogen og negativt ladd nitritt (NO2) og nitrat (NO3). I denne teorien spelar iona ei viktig rolle i kondensasjonen av vassdropar.

Enkelte forskarar meiner at kulelyn har fleire eigenskapar enn ein tidlegare har trudd. Japanske forskarar har rapportert at kulelyn kan oppstå i fint vêr og ikkje i samband med torevêr. Diameteren skal visstnok vanlegvis vere om lag 20-30 cm, men av og til opp til eit par meter. Kulelyn kan dele seg opp og slå seg saman igjen, og kan innehalde stor mekanisk energi som kan grave ut grøfter og hol i bakken.