Kullaberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kullaberg med Kullens fyr.
Kart frå 1910.

Kullaberg er eit bergplatå som ligg i Höganäs kommun nordvest i Skåne i Sverige, mellom Øresund og Skälderviken. I geologisk meining er Kullaberg ein grunnfjellshorst (ei heva forkastingsblokk) mellom to brotliner som står som steile skrentar ned mot havet, og har ei lengd på om lag 16 kilometer, ei breidd på om lag to kilometer, og ei høgd på opp til 187,5 moh. ved Håkull. Men namnet Kullaberg vert òg nytta om ein mindre part av denne formasjonen, sjølve bergkammen yst på halvøya Kullen, det vil seie den knapt åtte kilometer lange strekninga frå Kullanäs ved fyrtårnet Kullens fyr i nordvest til badestaden Arild i søraust. Rekna etter denne avgrensinga, er den største breidda på Kullaberg på 1½ km ved Kockenhus og Björkeröd, og arealet på til saman 932 hektar.[1].

Det er eit rikt dyre- og planteliv i området. På og i tilknyting til Kullaberg er det oppretta naturreservat som til saman utgjer om lag 980 hektar land og i tillegg eit 300 hektar stort belte av sjøen kring kysten. I berget på Kullaberg er det fleire naturlege holer, og dessutan ei 15 meter djup hole, Silvergrottan, som den tyske bergmannen Jürgen Langenau fekk sprengd ut i 1561 for å leite etter sølv på oppdrag frå danskekongen Frederik 2, som denne parten av Sverige låg under i dei tidene. Men det han trudde var sølv, var bergarten pegmatitt, og gruvedrifta vart avbrote etter stutt tid.

Utanfor kysten av Kullaberg stikk mange fantasieggjande klippeformasjonar opp or havet. På sørsida ligg badestadene Mölle og Arild, og ytst på odden fyrtårnet Kullens fyr og eit radiofyr.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Behrens, Sven; Malmberg, Torsten.1950. Besök på Kullaberg. Stockholm: Svensk natur. 19

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsider om Kullaberg Arkivert 2004-09-13 ved Wayback Machine.