Kullens fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kullens fyr ligg høgt og fritt.
Kullens fyr med Kattegat i bakgrunnen.
Fyrlykta Kullens västra fyr (Kullens nedre fyr) ligg nede ved sjøen.

Kullens fyr er eit fyr som ligg ytst på halvøya Kullen, Kullaberg, i Höganäs kommun nordvest i Skåne i Sverige, og som saman med Nakkehoved Fyr om lag to kilometer aust for Gilleleje heilt nord på Sjælland i Danmark markerer dei to kystane som avgrensar innseglinga til Øresund frå havområdet Kattegat. Lina tvers over havet mellom Kullen og Gilbjerg Hoved, det nordlegaste punktet på Sjælland i Danmark, rett ved Gilleleje, er definert som grensa mellom Kattegat og Øresund. Staden som Kullen fyr ligg på, er mellom dei eldste fyrplassane i Sverige, og det noverande fyret er det sjette som står her sidan 1561, bygd i 1900 etter teikningar frå 1898 av arkitekten Magnus Dahlander.

Linsesystemet.

Tårnet på Kullens fyr er 15 meter høgt og bygd av steinblokker av lokal gneis frå Ablahamn og Ransvik, og ljosets høgd er 78,5 meter over havet. Tre Fresnel-linser med tverrmål på 2,58 meter, produsert av Barbier & Bénard i Paris, roterer i tårnet og sender ljoset 27,5 nautiske mil utover havet. Konstruksjonen veier 6 tonn, og linseapparatet kvilar i eit 50-liters bad med kvikksølv for å kunne rotere med minst mogleg friksjon. Til å byrje med var ljoskjelda ei parafinlampe, som i 1907 vart skifta ut med ei parafinlampe med overtrykk, ei såkalla luxlampe, som gav ei ljosstyrke 500 000 Hefnerljos. I 1937 vart fyret elektrifisert med ei lampe på 1000 watt, og vart då det mest ljossterke fyret i Skandinavia med 3,8 millionar Hefnerljos, tilsvarande 4,2 millionar candela. Ein gul teglsteinsbygning vart då sett opp inntil fyret for mellom anna å gje plass til to reservekraftaggeregat. Fyret vart automatisert i 1979, og vert styrt frå Sjöfartsverket i Norrköping.

Under den andre verdskrigen vart det sett opp ein bygning med vindauge i halvsirkel framfor fyret, nytta til å fylgje med på skipsfarten i Øresund. Denne bygningen vert no leigd ut til møte og konferansar. Fyret er òg ofte vitja av turistar.

Kullens västra fyr, som tidlegare vart kalla Kullens nedre fyr, er ei fyrlykt som ligg nede ved sjøen og vart bygd i 1898, renovert i 1923 og 1954. Fyret er ein kvitmåla, tre meter høg stålkonstruksjon, ljoshøgda er 12 meter over havet, og ljosvidda 14,5-10,2 nautiske mil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kullens fyr