Kuloj ved Vaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kuloj
Utspring Sonduzjskojesjøen
- Høgd 159 moh
Munning Vaga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 206 km
Middelvassføring 8,74 m³/s
Nedslagsfelt 3 300 km²

Kuloj (russisk Кулой) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Vaga frå høgre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Ho har ei lengd på 206 km og eit eige nedslagsfelt på 3 300 km². 53 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 8,74 m³/s. Elva frys til i oktober-november, nokre gonger i desember, og vert isfri att i april eller tidleg i mai.

Dei største sideelvane hennar er Sivtsjuga frå venstre og Kolenga frå høgre. I nærleiken av elva ligg landsbyen Kuloj.

Kuloj spring ut frå Sonduzjskojesjøen i Vologda oblast, nordvest for byen Totma. Elva renn først nordaustover og seinare rett nordover før ho svingar vestover og ut i Vaga. I den øvre delen har elva ei bredde på 20-30 meter og i den nedre delen av breidda auka til 50-60 meter. Elva er svingete og renn forholdsvis raskt, men har ingen stryk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]