Kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kultur uttrykt gjennom skulpturar på Sri Mariamman-tempelet i Singapore.

Kultur (frå latin cultura som igjen kjem frå colere, som betyr å dyrke, foredle eller kultivere.[1][2]) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskeleg aktivitet og dei symbolske strukturane som gjev slik aktivitet meining. Ulike definisjonar av «kultur» viser til ulik teoretisk forståing, eller kriterium for undersøking, av kultur. Omgrepet er i moderne tid vanskeleg å definere fordi det blir brukt i veldig mange samanhengar på veldig ulike måtar. På byrjinga av 1950-talet samla dei amerikanske antropologane Alfred Kroeber og Clyde Kluckhohn over 100 ulike definisjonar av ordet brukt i engelsk litteratur.

Det er no vanleg å definere kultur etter tre ulike retningar:

  • Det kvalitative, verdiorienterte eller humanistiske kulturomgrepet
Det har som føresetnad at det finst ein kulturell verdimålestokk. Historisk har kulturomgrepet gjennomgått ei endring frå ei konkret tyding knytt til vekst i naturen i overført meining til å kjenneteikne det alminnelege åndelege utviklingsnivået i samfunnet som heilskap.
idéar, normer og verdiar i ulike samfunn, må forståast på premissa åt desse samfunna, ikkje ut frå nokon utanforståande kvalitativ målestokk. Ein idealistisk samfunnsvitskapelig fagtradisjon vil bruke denne definisjonen:
Kultur er det fellesskap av idéar, verdiar og normer som eit samfunn, det vil seie ei gruppe menneske, har og som dei freistar å føre vidare til den kommande generasjon.
Ein materialistisk kulturhistorisk fagtradisjon vil bruke definisjonen:
Med kultur forstår vi dels dei materielle omgjevnadane som menneska har bygd opp kring seg, dels den åndelege arva i form av verbale tradisjonar, trusførestillingar, idéar, kunne, normer med meir, som dei tileigna seg gjennom læring og tilpassing.
  • Det utvida eller kulturpolitiske kulturomgrepet
Det nye kulturpolitiske kulturomgrepet har blant anna sin bakgrunn i ei samfunnsvitskapelig basert sannkjenning av at den tradisjonelle kulturen først og fremst er kulturen for ein sosial elite. Men etter kvart slo det synet igjennom at ein moderne, demokratisk kulturpolitikk burde famne vidare. Det burde omfatte kulturlivet til folk flest «som det blir devd».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur