Kultur i 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

< 1980 >

kulturår
1978 | 1979 | 1980 | 1981 |1982
Kategoriar

Kultur i 1980 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1980.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Innan norsk litteratur uttalte forlagsdirektøren i Gyldendal, Andreas Skartveit, at han ønska forfattarar ville venda tilbake til «havet, døden og kjærligheten», motsett sosialrealismen som hadde prega 1970-talet.[1]

Minnesmerke til dei polske arbeidopprørarar som blei drepne i 1970, med dikt av nobelprisvinnaren i litteratur for 1980, Czesław Miłosz.

Prisar og utmerkingar:

for A Dry White Season (norsk Hvit tørketid).

Utgjevingar:

  • Skodespel: Educating Rita av Willy Russell hadde premiere i London.

Døde: Henry Miller, Vinicius de Moraes, Barbara Pym, Jean-Paul Sartre, Mae West

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie Sioux frå Siouxsie and the Banshees under den første USA-turneen sin i 1980.

Discomusikken frå 1970-talet fekk eit sterkt tilbakeslag i USA. Analoge og akustiske instrument knytte til denne musikken blei forlatne til fordel for syntetiske, bortsett frå trommemaskinen, som framleis blei mykje brukt.

AC/DC-vokalisten Bon Scott døydde medan gruppa var på veg til å få gjennombrot. Han er heidra med ein statue i heimbyen Fremantle i Vest-Australia.

Hardrockmusikken såg gjennombrotet til fleire artistar med Ace of Spades av Motörhead, Back in Black av AC/DC, Blizzard of Ozz av Ozzy Osbourne og Iron Maiden av Iron Maiden. Vokalisten og låtskrivaren i AC/DC, Bon Scott, døydde dette året i ei ulukke knytt til storbruk av alkohol. Gruppa valde å fortsetja med ein ny vokalist, Brian Johnson. Då Led Zeppelin mista trommeslagaren John Bonham i ei liknande ulukke, blei gruppa oppløyst.

Bruce Springsteen blei verdskjend med albumet The River.

Komponisten Philip Glass sin opera Satyagraha hadde premiere i Amsterdam.

Songane som fekk best plasseringar på topplistene i verda dette året var «Another Brick in the Wall (part 2)» av Pink Floyd, «Upside Down» av Diana Ross, «Woman in Love» av Barbra Streisand, «Funkytown» av Lipps Inc og «(Just Like) Starting Over» av nyleg avdøde John Lennon, som nyleg var blitt skoten utanfor heimen sin i New York.

Gruppene Manowar, New Order, R.E.M. og Violent Femmes blei danna i 1980.

Døde: Joe Dassin, Jimmy Durante, Tim Hardin, José Iturbi, John Lennon, Mantovani, Allan Pettersson, Lillian Randolph, Bon Scott

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rottem, Øystein. Vår egen tid : 1980-1998. Norges litteraturhistorie, B. 8. Cappelen, 1998. S. 40