Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingtid til reformasjonstid, som ofte berre vert kalla i stutt form for Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, var eit nordisk samarbeidsprosjekt som resulterte i eit kulturhistorisk oppslagsverk som var skrive på både norsk, svensk og dansk og kom ut i 22 band i åra frå 1956 til 1978, og i nytt opplag i 1980-1982. På svensk har verket namnet Kulturhistoriskt lexikon för nordisk medeltid från vikingatid till reformationstid, og på dansk Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingetid til reformationstid.

Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder skulle framfor alt vere eit oppslagsverk til bruk på bibliotek, i museum og i arkiv, og tene både til folkeopplysning og som kunnskapskjelde i samband med forsking. Verket inneheld alfabetisk ordna artiklar om ei mengd ulike emne som har med mellomalderen i Norden å gjere, skrive av ein rad høgt kompetente fagfolk innanfor arkeologi, historie, kunsthistorie, filologi og andre fag. Kvar artikkel er signert av forfattaren for artikkelen, og er skrive på forfattarens eige språk når det gjeld norsk, dansk eller svensk, medan dei islandske bidraga vart skrivne på dansk og dei finske bidraga på svensk. Leksikonet har vorte eit ofte nytta referanseverk i forsking og undervisning, og vert då som oftast berre referert til med avstyttingane KLNM eller KLMN. Ved bruk av verket som referansar i vitskapleg samanheng skal det synast til namnet på forfattaren og tittelen på artikkelen, ikkje berre til det aktuelle bandet og sidetalet i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.

Styringa av prosjektet var lagt til redaksjonskomitear (presidium) med ein redaktør i brodden frå kvart av landa. Med frå Danmark var Johannes Brøndsted, Bernt Hjejle, Lis Jacobsen, Peter Skautrup og John Danstrup (redaktør), frå Island Kristján Eldjárn, Þorkell Jóhannesson, Magnús Már Lárusson (redaktør) og Ólafur Lárusson, frå Noreg Trygve Knudsen, Hallvard Lie, Johan Schreiner, Didrik Arup Seip og Finn Hødnebø (redaktør), frå Sverige Ingvar Andersson, John Granlund (redaktør), Dag Strömbäck, Bengt Thordeman og Elias Wessén, og frå Finland Gunvor Kerkkonen (redaktør), Aarno Maliniemi og Carl Axel Nordman.

Forlaget i Noreg for bokverket var Gyldendal i Oslo, i Danmark forlaget Rosenkilde og Bagger i København, som òg stod for nyutgåva i 1980-1982, i Sverige forlaget Allhem i Malmö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]