Kulturhuset i Helsingfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulturhuset i Helsingfors teikna av Alvar Aalto.

Kulturhuset, finsk Kulttuuritalo, i Helsingfors blei utforma av den kjende moderne arkitekten Alvar Aalto og bygd i 1958. Bygget blei verna i 1989. Kulturhuset ligg i arbeidarbydelen Berghäll i sentrum av Helsingfors, på Sturegatan 4.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Konsertsalen i Kulttuuritalo skal ha den beste akustikken i Finland. Staden har òg husa klubbar, eit idrettslag og ein kino sidan han blei opna. I dag blir Kulturhuset også brukt til møte og festarrangement. Kulturhuset har ein triveleg kafé. Dei viktigaste leigetakarane er for tida Rundradion og Radions Symfoniorkester, og Museiverket (Museovirasto) si bygningshistoriske avdeling.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Huset er bygd i raud murstein i ei vid vifteform med eit asymmetrisk auditorium. Alvar Aalto utforma ein særskild smalnande murstein for å kunne forma bygget friare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]