Kumanovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kumanovo
Styresmakter
Land

Kommune
Republikken Makedonia
Kumanovo kommune
Først nemnd i 1519
Borgarmeister Zoran Damjanovski
Geografi
Flatevidd
 - By

- km²
Innbyggjarar
 - By (2005)

108 471
Koordinatar 42°05′″N 21°40′″EKoordinatar: 42°05′″N 21°40′″E
Høgd over havet = +340 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1300
Telefon-retningsnummer 389 031
Heimeside: www.kumanovo.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Kumanovo i Repulikken Makedonia
Plasseringa til Kumanovo i Repulikken Makedonia

Kumanovo (makedonsk: Куманово) er den tredje største byen i Republikken Makedonia etter Skopje og Bitola. Kommunen Kumanovo er derimot den nest største i landet etter Skopje.

Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan førhistorisk tid, men sjølve byen vart først nemnd i 1519 då byen var ein del av Det osmanske riket

Kumanovo vart ein urban busetnad og eit administrativt senter i regionen på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Etter fleire turbulente periodar stagnerte byen i ein periode.

Ein stor opprørsleiar kalla Karpoš vart fødd i ein landsbyen Vojnik nær Kumanovo. Han var opphavleg ein vasall under tyrkarane, men då Det osmanske riket byrja å verte svekt i 1689 og misnøya auka på grunn av dei harde skattane, vart Karpoš eit vendepunkt i slaget mot tyrkarane. I denne perioden gjekk Austerrike til åtak på Det osmanske riket og Karpoš utnytta situasjonen og opprøret spreidde seg og byane Kratovo, Kriva Palanka, Kumanovo, Kačanik og andre vart sett fri. I lag med den austerrikske hæren, leia av keisar Leopold I, kjempa dei for å setje fri Skopje og Štip. Etter kvart endra den politiske og militære situasjonen seg på Balkan og austerrikarane måtte trekke seg tilbake. Osmanarane slo så ned opprøret, Karpoš vart fanga, flytta til Skopje og avretta ved steinbrua over Vardar.

Byen utvikla seg økonomisk seint på 1800-talet, men den industrielle utviklinga byrja først etter den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]