Kumbrisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kumbrisk språk)
Kumbrisk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Keltisk
  Øykeltisk
   Brittonsk
Bruk
Var tala i: Storbritannia
Språkkodar
ISO 639-2: cel
ISO 639-3: xcb

Kumbrisk (engelsk nemning Cumbric) var eit brittonsk keltisk språk som var sentrert i Cumbria, som har gjeve det namnet. Det vart snakka på låglandet sør i Skottland og heilt ned til Manchester i England. Området vart tidlegare i oldtida referert til som Y Gogledd Hen. Kumbrisk vart tidlegare omtalt som nordwalisisk og kornisk språk som sørwalisisk (eller vestwalisisk). Språka var difor særs like.

Dei gammalbrittonske dialektane byrja å bli delt i eigne språk på 500-talet og kumbrisk som eige språk var allereie utdøydd på 1000-talet, eller kanskje så seint som på 1200-talet. På denne tida er det mogleg at kumbrisk hadde grammatikalsk rørt seg ganske langt vekk frå walisisk, og utvikla seg til eit eige mål, ikkje forståeleg for walisisktalande. Det er mogleg at kumbrisk på høgda av utbreiinga si vart talt av rundt 30 000 menneske.

Dei største problema notidige lingvistar har med språket er at kumbrisk kan ha vore ei rein dialekt av walisisk og stort sett ikkje så ulikt. Dei gamle, nordbritiske kongedøma Rheged, Strathclyde, Elmet og Gododdin snakka alle gammalwalisisk, men på eit tidspunkt meinte mange lingvistar at dette språket var ulikt og uforståeleg for walisisktalande.