Kumquat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kumquat


Kumquat.jpeg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Tribus: Citreae
Slekt: Citrus
Art: C. japonica
Vitskapleg namn
Citrus japonica; Fortunella japonica

Kumquat er ei frukt frå små tre i slekta Fortunella i rutefamilien. Av utsjånad liknar den ein valnøttstor appelsin med oval form, men i motsetnad til appelsin sit det meste av søtsmaken i skalet hos kumquaten. Slekta Fortunella blir av somme oppfatta som ein del av sitrusslekta.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg klassifiserte Carl Peter Thunberg kumquatane som Citrus japonica i boka han gav ut i 1784 Flora Japonica. I 1915, reklassifiserte Walter T. Swingle dei i ei ny utskilt slekt, Fortunella, oppkalla etter Robert Fortune. Sju artar Fortunella har generelt blitt akseptert—F. japonica, F. margarita, F. crassifolia, F. hindsii, F. obovata og F. polyandra, i tillegg til den nyleg skildra arten F. bawangica . The Flora of China fører kumquat attende til Citrus og samlar dei ulike artane inn i ein art Citrus japonica.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Kumquat stammar opphavleg frå Aust-Asia, nærare sagt frå Kina, medan den i dag blir dyrka i subtropiske strøk i det meste av verda. Namnet kumquat kjem frå eit kantonesisk ord som tyder 'gyllen appelsin'.

Frukta blei først dokumentert i Kina på 1100-talet. I 1846 blei ho innført til Europa av Robert Fortune, og vart kort tid seinare innført til Nord-Amerika.

Den lyse, ovale kumquaten

Kumquat veks på buskar eller korte tre som kan bli frå 2,5 til 4,5 meter høge. Treet/busken har tette greiner og kan ofte ha små torner. Det har kvite blomstrar og har som regel frå 80 til 100 frukt pr tre/busk.

Kumquat veks særs sakte og finst i to variantar. Den eine er rund med mørkt oransje skal, medan den andre, òg kan hende den mest kjente, er lysare og meir oval. Fruktkjøtet er delt i fire til fem båtar og inneheld vanlegvis steinar, og smaken er sursøt og ganske bitter.

Kumquat i kosten[endre | endre wikiteksten]

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Den oransje, runde kumquaten

Kumquat blir vanlegvis eten rå med skalet på. Skalet blir behalde fordi det meste av søtsmaken sit der. Frukta kan òg syltast, marinerast eller kandiserast. Den er pen og er veleigna som pynt på dessertar og middagsrettar.

Skiver av kumquat kan leggast i drinkar. Om ein frys dei ned kan ein nytte dei som isbitar.

Oppbevaring[endre | endre wikiteksten]

Kumquat held seg godt og er best oppbevart ved 8-12 ºC, men den treng ikkje ligge i kjøleskap.

Kumquat er tilgjengeleg heile året. Den bør vere fast og ha eit skinande oransje/gult, tett skal når den blir kjøpt.

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Kumquat har det same næringsinnhaldet som appelsin, mellom anna C-vitamin og kalsium. Kumquat er likevel sunnare enn appelsin fordi skalet òg vert ete. Som hos mange andre frukter og grønsaker sit mykje av næringa i skalet.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zhang Dianxiang, Thomas G. Hartley, David J. Mabberley, Rutaceae in Flora of China 11: 51-97 (2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fortunella (Kumquat)