Kunasjir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 44°07′N 145°51′E

Satellittbilete frå NASA av Rausu-yama-vulkanen (Mendelejev) sør på Kunasjir.

Kunasjir (russisk Кунаши́р; japansk 国後島, Kunashiri, tyder 'svart øy' på ainu) og er den sørlegaste øya i Kurilane. Ho er kontrollert av Russland, men Japan har òg kravd herredøme over øya. Ho ligg mellom sunda Kunasjir, Catherine, Izmena og Sør-Kuril. Kunasjir er synleg frå den nærliggande japanske øya Hokkaidō og mellom desse ligg Nemurosundet.

Øya har eit areal på 1490 km², er 123 km lang og 4 til 30 km brei.

Kunasjir er forma av fire vulkanar som ein gong var forskjellige øyar før dei kom i saman i lågtliggande område med innsjøar og varmekjelder. Alle vulkanane er framleis aktive, Tiatia (1819 moh), Smirnov, Mendelejev (Ruasu Dake) og Golovnin).[1]

Steinformasjonar på Kunasjir.

Øya består av vulkanske og krystallinske bergartar. Klimaet er ein monsunaktig. Vegetasjonen består hovudsakleg av gran, furu og blandingslauvskog med lian og kurilsk bambuskratt. Fjella er dekte av bjørk og sibirsk dvergfuru, urter eller bart fjell.

Det vart funne trekjerner av hundreårgamle eiker (Quercus crispula) i juli 2001 på Kunasjir.[2]

Hovudnæringa på øya er fiske og fiskeindustri. Øya har ei hamn ved Juzjno-Kurilsk, det administrative senteret i Juzjno-Kurilskij-distriktet og er den største busetnaden på øya. Administrativt høyrer ho til Sakahlin oblast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1789 var Kunasjiri åstadane for Menasji-Kunasjir-opprøret der ainufolket gjorde opprør mot japanske handelsfolk og kolonistar.

Den russiske sjømannen Vasilij Golovnin prøvde å kartlegge og utforske øya i 1819, men vart arrestert av japanske styresmakter og sat to år i fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]