Kungälvs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kungälvs kommun
Kungälv vapen.svg
Kommunevåpenet til Kungälvs kommun
Len Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Centralort Kungälv
Areal 372,69 km²
 – Landareal 364,73 km²
 – Vassareal 7,96 km²
Folketal 38 899
Folketettleik 106,7/km²
Kommunenummer 1482
Nettside www.kungalv.se
Kart
Kungälv Municipality in Västra Götaland County.png

Kungälv er den sørlegaste byen i Bohuslän, grunnlagd tidleg på 1000-talet ved Nordre älv. Kungälv er ein kommune i Västra Götalands län.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen grensar til Stenungsund, Lilla Edet, Ale, Göteborg, Öckerö og Tjörn. Han har Göta älv i aust, Nordre älv i sør og Kattegatt i vest, medan han blir kryssa av transportvegane Europaveg 6 og Bohusbanen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bohus festning i Kungälv.

Byen blei grunnlagd om lag 1080, og var ein av dei viktigaste byane i Noreg i mellomalderen, med namnet Konghelle. Sigurd Jorsalfar gjorde han til hovudstad då han kom heim frå utlandet i 1111, og Kungälv var sete for kongane fram til slutten av 1150-åta.

I 1135 blei byen overfalt og brend av venderane. Han blei bygd opp igjen og blei ståande heilt fram til svenskane brende byen i 1612. Som svar på dei stadige svenske herjingane tok kong Kristian 4. avgjerda om å flytta byen nærare Bohus festning.

Kungälv voks som industriby ved slutten av 1800-talet. Eit glasverk blei grunnlagd i 1975 og ein kjeksfabrikk i 1888. Frå 1909 til 1982 laga ABC-fabrikkane, AB Bröderna Claesson, sportsutstyr i kommunen.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Kungälv er i dag prega av mange små føretak som ofte er viktige underleverandørar til større verksemder i regionen. I 2003 la Swedish Match ein ny snusfabrikk til det nye industriområdet Solbräcke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kungälvs kommun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]