Kungsbacka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°29′00″N 12°04′00″E

Kungsbackaån i Kungsbacka

Kungsbacka er ein svensk by og centralort i Kungsbacka kommun i Halland län i landskapet Halland. I 2005 hadde byen 17 784 innbyggjarar.

Byen Koningsbakkae var under mellomalderen ein dansk grensehandelsplass og var i ein periode den minste byen i Danmark. Den første omtalen av byen er frå 1366 og gjeld festninga Kungsbackahus, som ligg mellom Kungsbackaån og Söderån (dagens Skansen).

Det er uklårt når Kungsbacka fekk bystatus, men det eldste dokumentet som skildrar Kungsbacka som by er datert den 13. desember 1408. I byrjinga av 1500-talet blei «byprivilegia» inndratt av kong Hans med føremål å samle handelen til Halmstad. Kungsbacka fekk bystatus på nytt i 1582.

Kungsbacka blei mindre viktig då Halland blei svensk i 1645, og byen var lenge ein av dei minste i Sverige, med under 1 000 innbyggjarar på slutten av 1800-talet. På midten av 1800-talet blei store delar av byen øydelagd i ein stor brann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kungsbacka