Kunlun-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 80°25′01″S 77°06′58″E
Kunlun-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dome A
 - koordinatar 80°25′01″S 77°06′58″E
Administrert under Antarktistraktaten
Kunlun-stasjonen is located in Antarktis
Kunlun-stasjonen (Antarktis)

Kunlun-stasjonen (kinesisk 昆仑站, 崑崙站, Kūnlún Zhàn) er ein av tre kinesiske stasjonar i Antarktis.

Han ligg 4087 moh, 7,3 km sørvest for Dome A og vart offisielt opna 27. januar 2009. Når han er ferdig utbygd vil han dekkje eit område på 558 m². Hovudbygningen, som dekker 236 m², vart reist i april 2009.[1]

Staden er ein av dei kaldaste i verda med temperaturar stundom under −80 °C om vinteren. Satelittmålingar har indikert at stader i nærleiken kan nå verdsrekorden med -90 °C.[2]

I april 2012 vart dne første av tre antarktiske Schmidt-teleskop (AST#) reist ved Kunlun Station. Dei to andre vart installert i 2013 og 2014. Eit større optisk teleskop, Kunlun Dark Universe Survey Telescope (KDUST), er planlagt å vere ferdigbygd innan 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]