Kunming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
昆明市
Kunming 13.JPG
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Yunnan
Geografi
Koordinatar 25°04′0″N 102°41′0″EKoordinatar: 25°04′0″N 102°41′0″E
Høgd over havet 1892 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)

Kunming er eit kinesisk byprefektur og provinshovudstad i Yunnan heilt sør i Kina. Han ligg 55 mil nordvest for Hanoi i Vietnam, og har jernbanesamband dit. Byen er eit viktig handels-, industri- og kultursenter i regionen.

Kunming ligg 1900 moh. i eit fruktbart elvebasseng rett nord for innsjøen Dian. I 2002 hadde byen 1 549 600 innbyggjarar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Torghandel i Kunming under andre verdskrigen.

Kunming voks kraftig etter bygginga av jernbanen til Hanoi (og hamnebyen Hai Phong) 1906–10. Dette opna byen for utanlandsk handel. Under andre verdskrigen var Kunming endepunkt for den såkalla Burmavegen, og fleire fabrikkar og utdanningsinstitusjonar blei flytta dit frå dei japansk-okkuperte delane av Kina.

På 1990-åra gjekk byen gjennom ei større fornying der store område med eldre trehus blei erstatta av moderne bygg i stål.

Økonomi og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kunming er ein av de viktigaste industribyan i Sørvest-Kina, med koparsmelteverk og annan metallurgisk industri, samt mekanisk, kjemisk og tekstilindustri. Det blir brote kopar, kol og jernmalm i omlandet.

Universitetet i byen blei grunnlagd i 1923. Kunming har også vitskapelege institusjonar, høgskular og ulike høgteknologiske industriverksemder, dei siste grunnlagde sidan 1992 mellom anna med utanlandsk kapital.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen i Kunming.

Kunming er endepunktet for jernbanen til Hanoi i Vietnam, og er knyttet til det kinesiske jernbanenettet over Giuyang og Chengdu.

«Steinskogen» (kin. Shi Lin), eit særmerkt karstlandskap, ligg rundt 10 mil søraust for byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kunming

Kjelder[endre | endre wikiteksten]