Kunst- og designhøgskolen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunsthøgskolen i Bergen - resepsjon og studieadministrasjon i Strømgaten 1
Arkitekt Schak Bulls aldersheim frå 1884 vert idag nytta av Kunsthøgskolen i Bergen
Kunsthøgskolen i Bergen - Avdeling kunstakademiet

Kunst- og designhøgskolen i Bergen, tidlegare Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB), også kalla Bergen Kunsthøgskole (BKHS), er ein vitskapleg høgskule i Bergen som tilbyd høgare utdanning innan visuell kunst og design. Høgskulen har avdelingar for Kunstakademiet, Spesialisert kunst og Design. Utdanninga omfattar fagområda fri kunst, fotografi, grafikk, keramikk, tekstil, visuell kommunikasjon, interiørarkitektur og møbeldesign. Skulen har om lag 300 elevar.[1] Rektor frå 2010 - 2015 er Paula Crabtree.[2]

Skulen vart oppretta i 1996 då Vestlandets kunstakademi, (skipa i 1972), og Statens høgskole for kunsthåndverk og design, (skipa i 1909), vart samanslegne.

Kunst- og designhøgskolen i Bergen er ein av dei to sjølvstendige nasjonale institusjonane som tilbyd denne utdanninga.[1] Den andre er Kunsthøgskolen i Oslo.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Referansar [endre]

  1. 1,0 1,1 Om Kunst- og designhøgskolen i Bergen
  2. Leiargruppa ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen