Kunstlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit kunstlag eller ei kunstforeining er ei medlemsforeining som arbeider for å skape interesse og forståing for biletkunst og kunsthandverk. Dette gjer dei gjennom å arrangere utstillingar, men også gjennom anna formidling som føredrag og kurs.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei første kunstforeiningane i Noreg vart stifta på 1830-talet, etter inspirasjon frå dei tyske kunstforeiningane (Kunstverein). Christiania Kunstforening vart etablert i 1836 og Bergens Kunstforening i 1838. I vedtektene for dei første norske kunstforeiningane stod det at dei hadde som formål å vekkje kjærleik for biletkunst, og arbeide for å fremje norsk kunst. Medlemmene betalte kontingent, arrangerte utstillingar og medlemslotteri. Kunstforeiningane var opne for alle som ynskte medlemskap.

Kunstforeiningane vart etablerte av kunstinteresserte borgarar. Moglegheitene for å stille ut var på 1830-talet svært små, eit norsk nasjonalmuseum (forløparen til Nasjonalgalleriet) opna først dørene i 1842, seks år etter Christiania Kunstforening. Kunstforeiningane vart dermed ein viktig utstillings- og salsarena for norske kunstnarar. Mange kunstforeiningar har dessutan bygd opp eigne samlingar, men fleire av desse samlingane er no donert til dei offentlege kunstmusea. Nokre få kunstforeiningar har fått spesialbygd bygningar spesielt til utstillingsføremål, til dømes Stavanger Kunstforening i 1925 og Bergens Kunstforening i 1935.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Kunstforeiningane og kunstlaga er framleis medlemsorganisasjonar, og dei fleste er basert på frivillig drift. Dei fleste av dei norske kunstforeiningane/kunstlaga er medlemmer i paraplyorganisasjonen Norske Kunstforeninger. Kunstforeiningane i Nordland, Troms og Finnmark er i tillegg organiserte i organisasjonen Se kunst i Nord-Norge.

I Noreg har om lag 20 kunstforeiningar har tilsett personale, og driv som profesjonelle visingsarenaer. Nokre av kunstforeiningane kallar seg no kunsthallar, sjølv om dei framleis er organiserte som kunstforeiningar. Dette gjeld Bergen Kunsthall og Kristiansand Kunsthall. Også Porsgrunn Kunstforening/Grenland Kunsthall, Stavanger Kunstforening, Tromsø Kunstforening, Oslo Kunstforening har ambisjonar om å verte kunsthall.


Kunstforeiningar[endre | endre wikiteksten]

Det er kunstforeiningar/kunstlag i mange norske byar og tettstader. Lista viser nokre av dei eldste og største.