Kunstnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teiknaren, eit døme på den lutfattige, einspora kunstnaren, måla av Jean Siméon Chardin.
Døden og kunstnaren (Tod und Künstler), måla av Lovis Corinth.

Kunstnar er ei nemning brukt om nokon som utøver kunst eller lagar kunstverk, særleg om dei gjer det som yrke. Nemninga blir særleg brukt om biletkunstnarar, som målarar, grafikarar, teiknarar, skulptørar, filmkunstnarar eller fotografar, men også om mellom anna kunsthandverkarar og forfattarar. Ho kan også visa til dei som framfører eller tolkar eit kunstverk, som skodespelarar, musikarar, songarar og dansarar. «Kunstnar» er ingen verna yrkestittel, og i prinsippet kan kven som helst kalla seg det.

Vidare tyding[endre | endre wikiteksten]

Kunstnar kan også visa til ei spesielt hendig og fingerferdig person, som ein trapeskunstner, kortkunstnar eller tryllekunstnar. «Tonekunstnar» blir ofte brukt om komponistar og «ordkunstnar» om forfattarar og talarar. «Kunstnar» kan dessutan brukast rosande om alle som utfører eit handverk med meisterleg dyktigheit og formsans, eller som er spesielt flinke i eit fag. «Tusenkunstnar» er ei uhøgtideleg nemning for ein som har mange ferdigheiter.

Klisjear[endre | endre wikiteksten]

I romantikken tenkte ein seg at kunstnarar var ein type geni med eit eige kunstnarisk sinnelag som følte sterkare og såg djupare enn andre. Ein snakkar framleis om «kunstnarsinn» som til dømes kan tyda at ein person er drøymande eller oppfarande.

Det er også knytt førestillingar til kunstnarar om at dei ofrar seg for kunsta si, trass fattigdom, svolt og sjukdom. Fleire kjende kunstnarar døydde fattige (til dømes Mozart, van Gogh og Rembrandt), men mange andre har tent godt på kunsta si også medan dei levde (til dømes Rubens, Picasso og Dalí.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg stammar ordet «kunstnar» frå tysk der kunst hadde tydinga 'det å kunna eit visst arbeid'. Kunstnaren var altså den som kunne utføra noko på ein fagleg og profesjonell måte. Denne grunntydinga finn ein framleis i omgrep som kokkekunst, hagekunst, legekunst, ingeniørkunst, krigskunst og liknande.

Ordet «kunstner» har vore i bruk i dansk frå 1700-talet. Først viste ordet til personar som utførte alle slags kunstferdige arbeid. Dei dyktigaste handverkarane og teknikarane arbeida den gongen også med det vi i dag vil kalla kunst, og ein skilte ikkje mellom handverkar og kunstnar slik me gjer det no. Ofte blir landskapsmålaren I. C. Dahl rekna som den første norske kunstnaren.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jonathan Jones: «Do rich artists make bad art?» i The Guardian