Kurówka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gangbru over Kurówka
Kurówka i Chrząchów

Kurówka er ei elv søraust i Polen og ei av sideelvane til Wisła frå høgre. Ho har ei lengd på om lag 50 km og eit nedslagsfelt som dekkjer 395,4 km². Kjelda hennar ligg nær landsbyen Piotrowice Wielkie og ho munnar ut i Wisła i Puławy. Av landsbyar langs elva finn ein Garbów, Markuszów, Kurów og Końskowola.

På grunn av ein nitrogenfabrikk i Puławy som nyttar elva som hovudvasskjelde, vart ho kanalisert og sklid frå Wisła av eit system av demningar og sluser. Bortsett frå mindre elvar har ho to større sideelvar. Ei frå høgre som heiter Białka (stundom kalla Bielkowa) og ei frå venstre som heiter Garbówka (stundom kalla Struga Kurowska).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kurówka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]