Kurator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kurator (frå latin curare, å take hand om) er ei nemning for ulike yrke eller stillingar.

Ivaretaking av personar[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte, og vert framleis nytta, om ein person som har fått i oppdrag av ein annan person å take hand om eit menneske som treng hjelp i kvardagen (vanlegvis mot vederlag for innsatsen). Nemninga sosialkurator er i og for seg eit døme på ein slik kurator.

Innan kunst og kultur[endre | endre wikiteksten]

Frå om lag 1990-åra og i våre dagar vert nemninga framfor alt nytta i kunstnarleg samanheng, og tyder då ein person som har som oppgåve å ha oppsyn med, administrere og leggje til rette for utstillingar av kunstverk og gjenstandar på eit museum, eit kunstgalleri eller ein annan institusjon, eller som arbeider med pedagogiske oppgåver i slike samanhengar.

Kuratorar på det kunstnarlege området vel ut tema for utstillingane, finn fram til den eller dei kunstnarane som er aktuelle, og dei verka av dei som skal utstillast, står for utforminga av utstillinga og ofte òg for utforminga og for skriving av teksten i utstillingskatalogane og andre publikasjonar knytt til utstillingane. Dei har vanlegvis høgare kunstnarleg eller kunsthistorisk utdanning, og kuratorgjerninga har med tida utvikla seg til eit særskilt yrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kurator». Store norske leksikon. 9. juli 2018. Henta 21. august 2018. 
  • Kurator ved utdanning.no