Kurdistan i Irak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurdistan i Irak

Kurdistan-regionen er ein sjølvstyrande region nord i Irak. Han har internasjonal grense til Syria i vest, Tyrkia i nord og Iran i aust. Han har eit folketal på litt over 5 millionar og dekkjer rundt 40 000 km². Regionhovudstaden er Arbil (kurdisk Hewlêr).

Regionen omfattar både fruktbare sletteområde og delar av Zagrosfjella. Elvane Tigris, Store Zab og Litle Zab renn gjennom han. Dei fleste innbyggjarane i Kurdistan er kurdarar, og kurdisk er det mest utbreidde språket. Det blir også tala turkmensk, arabisk, armensk og assyrisk i nokre område.

Sidan invasjonen av Irak i 2003 har Kurdistan utmerka seg som eit roleg område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kurdistan i Irak

Kjelder[endre | endre wikiteksten]