Kurfyrstedømet Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurfürstentum Bayern
Kurfyrstedømet Bayern
Vasall

 

16231806 Flag of Bavaria (striped).svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Bayern
Bayern på eit kart over Det tysk-romerske riket i 1648
Hovudstad München
Styreform Monarki
Kurfyrste
 - 1623-1651 Maximilian I
 - 1679-1726 Maximilian II Emanuel
 - 1726-1745 Karl Albert
 - 1745-1777 Maximilian III Josef
 - 1777-1799 Karl Teodor
 - 1799-1805 Maximilian IV Josef
Historisk periode Tidleg moderne Europa
 - Opphøgd til kurfyrstedøme 1623
 - Freden i Westfalen 1648
 - Sett under keisarleg bannlysing 1706
 - Bannlysinga opphevd 1714
 - Personalunion med
    Pfalz

1777
 - Opphøgd til kongedøme 1806

Kurfyrstedømet Bayern (tysk Kurfürstentum Bayern) var eit sjølvstendig kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1623 til 1806, då det vart etterfølgd av kongedømet Bayern.

Wittelsbach-dynastiet som styrte Bayern var den yngre greina av familien som òg styrte Kurpfalz. Overhovudet i den eldre greina var ein av sju kurfyrstar i Det tysk-romerske riket i følgje den gyldne bullen av 1356, men Bayern var ekskludert frå kurfyrste-verdet. I 1621 vart kurfyrsten Fredrik V sett under keisarleg bannlysing for rolla si i Det bøhmiske opprøret mot keisar Ferdinand II og kurfyrste-verdet og territoriet til Øvre Pfalz vart gjeven til det lojale syskenbarnet hans, hertug Maximilian I av Bayern. Sjølv om Freden i Westfalen ville skape ein ny kurfyrstetittel for sonen til Fredrik V var det etterkomarane etter Maximilian som hadde det originale kurfyrste-verdet, med unntak av ein kort periode under den spanske arvefølgjekrigen, fram til linja hans døydde ut i 1777. Dei to slektene vart då slått saman i ein personalunion fram til slutten av Det tysk-romerske riket. I 1805, etter freden i Pressburg, opphøgde den dåverande kurfyrsten Maximilian Josef, seg sjølv til konge av Bayern og Det tysk-romerske riket vart avskaffa året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]