Kurfyrstedømet Trier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurtrier / Kurfürstentum Trier (tysk)
Électorat de Trèves (fransk)
Kurfyrstedømet Trier
Vasall
Arms of the Palatinate (Bavaria-Palatinate).svg
8981801 Flag of France.svg
 
Flag of France.svg
 
Flag of the House of Nassau Weilburg.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Trier
Kurfyrstedømet Trier i 1648
Hovudstad Trier
Språk Fransk, latinsk, luxembourgsk, Moselle-frankisk tysk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Fyrstedøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Fekk sjølvstyre 772
 - Status som Reichsfreiheit 898 (stadfesta 902)
 - Oppheva til
    Kurfyrstedøme

mellom 1189 og 1212
 - Trier byrettar 1212
 - Vart med i Den
    kur-rhinske
    rikskrinsen


1512
 - Lunéville-traktaten 9. februar 1801
 - Gjenoppretta som
    Storhertugdømet
    Niederrhein


9. juni 1815

Kurfyrstedømet Trier (tysk Kurfürstentum Trier eller Kurtrier) var eit kyrkjeleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket som eksisterte frå slutten av 800-talet til tidleg på 1800-talet. Det bestod av eigedomane til det større erkebispedømet Trier (tysk Erzbistum Trier), og vart styrt av erkebiskopen i hans funksjon som kurfyrste i riket. Hovudstaden i kurfyrstedømet var Trier, med hovudresidensen i Koblenz frå 1500-talet og frametter. Kurfyrstedømet vart sekularisert i 1803 etter det napoleonske styret.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Trier hadde vore setet for eit bispedømet sidan romartida og var ein viktig romersk provinshovudstad i Augusta Treverorum. Det vart opphøgd til erkebispedøme under regjeringstida til Karl den store, som i testamentet sitt nemnde bispedøma Metz, Toul og Verdun som sine underbispedøme.

Kart frå 1700-talet av Frederik de Wit

Biskopane av Trier var alt i røynda sjølvstendige magnatar i merovingartida. I 772 gav Karl den store biskop Wiomad fullstendig immunitet frå styret til den herskande greven for alle kyrkjer og kloster, samt landsbyane og slotta som høyrte til St. Peterskyrkja i Trier. I 816 stadfesta Ludvig den fromme desse privilegia til erkebiskop Hetto.

Under delinga av Det karolingiske riket ved Verdun i 843 gjekk Trier til Lothair. Under delinga av Lotharingien ved Mersen i 870, gjekk det til Austfrankarriket som utvikla seg til Kongedømet Tyskland.

Erkebiskop Radbod fekk i 898 full immunitet av Zwentibold for alle skattar i heile området til bispedømet. Zwentibold var son av keisar Arnulf av Kärnten, som ei kort stund regjerte som konge av Lotharingien, og som under stort press frå sine sjølvstendige adelsfolk desperat trengde ein mektig alliert. Gåva ytterlegare forsterka stillinga til erkebiskopane som landeigarar. Etter at Zwentibold vart myrda i 900, gav førarane til barnekongen Ludvig Radbold distriktet og byen Trier heilt og halde, og han fekk løyve til å påleggje eigne skattar og rett til å prege eigne myntar. Frå hoffet til Karl den enkle fekk han endeleg rett til å velje eigne biskopar av Trier, utan innblanding frå riket.

I tidleg moderne tid utgjorde Kurfyrstedømet Trier framleis område langs elva Moselle mellom Trier, nær den franske grensa, og Koblenz ved Rhinen. Sidan tidleg på 1200-talet var erkebiskopen av Trier rekna som ein keisarleg kurfyrste for den tyske kongen.

Den siste kurfyrsten, Clemens Wenceslaus av Sachsen, heldt seg i Koblenz etter 1786. Frå 1795 vart områda til kurfyrstedømet på venstresida av Rhinen under fransk okkupasjon. I 1801 vart desse områda annekterte og eit eige fransk-kontrollert bispedømet oppretta under biskop Charles Mannay. I 1803 tok det franske bispedømet kontroll over heile bispedømet og det som var att av kurfyrstedømet på austsida av Rhinen vart sekularisert og annektert av Nassau-Weilburg i 1803.

Erkebiskopar og kurfyrstar av Trier[endre | endre wikiteksten]

Erkebiskopar av Trier[endre | endre wikiteksten]

Til 1000[endre | endre wikiteksten]

  • Radbod 883–915
  • Rudgar 915–930
  • Rudbrecht 930–956
  • Heinrich I 956–964
  • Dietrich I 965–977
  • Egbert 977–993
  • Ludolf 994–1008

1000 til 1200[endre | endre wikiteksten]

Kurfyrstar av Trier[endre | endre wikiteksten]

1200 til 1500[endre | endre wikiteksten]

From 1500[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]