Kurilsk

Koordinatar: 45°15′N 147°53′E / 45.250°N 147.883°E / 45.250; 147.883
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurilsk
Курильск
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Kurilsk Byåpenet til Kurilsk
Flagget til Kurilsk Byvåpenet til Kurilsk


Plassering
Kurilsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Sakhalin oblast
Grunnlagd
Bystatus
1700-talet
1947
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

1 795
Koordinatar 45°15′N 147°53′E / 45.250°N 147.883°E / 45.250; 147.883
Tidssone
- Ved sommartid
MAGT (UTC+11)
MAGST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 694530
Retningsnummer (tlf) 424 54

Kurilsk (russisk Курильск) er ein by i Sakhalin oblast i Russland med om lag 1800 innbyggjarar (2008). Han ligg på øya Iturup i Kurilane, rundt 450 km søraust for Juzjno-Sakhalinsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden der dagens Kurilsk ligg var tidlegare ein busetnad av ainuar, som var dei opphavlege innbyggjarane på øyane. Det opphavlege namnet var Sjana, som tyder noko slikt som stor busetnad ved elva sitt nedre løp. Mot slutten av 1700-talet oppstod ein busetnad av russiske kolonistar. I 1800 oppretta Japan ein garnison. I Shimoda-avtalen vart dei sørlege Kurilane lagt under Japan, og landsbyen Shanamura (japansk 紗那村) høyrde fram til slutten av andre verdskrigen i 1945 under det japanske underprefekturet Shana (i dag: underprefekturet Nemuro). Etter krigen kom øyane og Kurilsk under Sovjetunionen, og i 1947 fekk staden bystatus med det noverande namnet.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kurilsk er sentrum for lakseoppdrett og fiskeindustri. Det finst òg verksemder innan bygningsindustri. I Kurilsk ligg ein seismologisk stasjon og ein tsunami-varslingsstasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]