Kurratlauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurrat


Kurratlauk i Onaiza i Saudi-Arabia.
Kurratlauk i Onaiza i Saudi-Arabia.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Asparagales
Familie: Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae
Slekt: Allium
Art: A. ampeloprasum
Vitskapleg namn
Allium ampeloprasum var. kurrat

Kurratlauk eller kurrat (Allium ampeloprasum var. kurrat) er ei laukplante i laukslekta i påskeliljefamilien som er dyrka som matplante i Midt-Austen. Den er i nær slekt med elefantkvitlauk og purre, og dei er sett på som å vere av den same arten, sjølv om kurrat nokre gonger er lista som Allium kurrat. Kurrat er litt mindre enn purre.

Det er hovudsakleg blada av kurratlauk ein bruker. Desse kan ein hausta fleire gonger kvar sesong, og dei kan etast råe eller tilreidde. Også resten av planten kan etast som purre. Safta av planten kan brukast til å skremma vekk møll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]