Kursk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kursk
Курск
Den raude plassen i Kursk
Den raude plassen i Kursk
Flagget til Kursk Byvåpenet til Kursk
Flagget til Kursk Byvåpenet til Kursk


Plassering
Kursk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kursk oblast
Først nemnd i
Bystatus
1032
1779
Borgarmeister Nikolaj Ovtjarov
Geografi
Flatevidd
 - By

190 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

405 900
  2 136,3 /km²
Koordinatar 51°43′″N 36°11′″EKoordinatar: 51°43′″N 36°11′″E
Høgd over havet 250 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 305000–305048
Retningsnummer (tlf) (+7)4712
Bilnummer 46
Nettstad: www.kurskadmin.ru/

Kursk (russisk: Курск) er ein by og administrativt senter i Kursk oblast i Russland. Han ligg ved elva Sejm, rundt 450 km sør for Moskva. Han har like over 400 000 innbyggjarar (2007).

Byen er mest kjend for slaget ved Kursk i juli 1943, då den raude arméen vann ein kostbar, men særs viktig siger mot tyske styrker.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kursk før 1917

Arkeologiske undersøkingar har vist at staden der Kursk ligg vart busett på 400- eller 300-talet f.kr.[treng kjelde] Busetnaden vart forsterka med festningar på 700-talet og området har vore busett av slaviske folk frå same tid, kanskje enno tidlegare.[treng kjelde]

Kursk vart første gong nemnd i historiske kjelder i 1032, da han vert omtalt som ein av dei severiske byane av fyrst Igor i Historia om Igors felttog: «Når det gjelder mine Kurskarar, så er dei kjende riddarane — svøypt under krigshorn, amma under hjelmar, mata frå spissen av ei lanse; for dei er stiane kjende, for dei er ravinane kjende, bogane deira er stramt strenga, kaggene er opne, sablane skarpe; og dei sjølv, som gråulvane, dei bykser på markene og søker ære for seg sjølv og for sin fyrste, heider.»

Kursk var sete for eit mindre fyrstedøme og vart plyndra av kiptsjakar på 1100- og 1200-talet og vart øydelagt av Batu Khan rundt 1237. Byen vart gjenoppbygd seinast i 1283. Kursk vart ein del av Storfyrstedømet Moskva i 1508, som den sørlege grenseprovinsen i fyrstedømet. Han var eit viktig senter for kornhandelen med Ukraina og var åstad for ein viktig marknad, som fann stad kvart år ved murene til klosteret til Vår Frue av Kursk.

Under Sovjettida vart det starta utvinning av de enorme førekomstane av jernmalm ved Kursk og byen utvikla seg til å verte eit av dei største jernbaneknutepunkta i Sørvest-Russland. Under den andre verdskrigen var landsbyen Prokhorovka nær Kursk senter for slaget ved Kursk i 1943, mellom sovjetiske og tyske panserstyrker. Slaget vert av historikarar rekna som det største stridsvognslaga i historia, der over 6000 stridsvogner kjempa på nært hold i ope terreng. Dette slaget stoppet den tyske framrykkinga og var eit vendepunkt i krigen på Austfronten.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den eldste bygningen i Kursk er den øvre kyrkja i Treeinigheitsklosteret, som er eit godt døme på den overgangsstilen som er karakteristisk for Peter den store sitt tidlege styre. Den eldste verdslege bygningen er det såkalla Romodanovskij-kammeret, som etter mest truleg vart bygd på midten av 1700-talet, da Romodanovskij-familien ikkje lenger eksisterte.

Katedralen i byen vart bygd mellom 1752 og 1778 i ein storslått barokkstil og vart så overdådig dekorert at mange kunsthistorikarar feilaktig har tilskrive han til Bartolomeo Rastrelli. Sjølv om Rastrelli er utelukka som arkitekt, så er katedralen likevel det mest imponerande monumentet innan elisabetansk barokk som ikkje vart bestilt av keisarfamilien eller bygd i hovudstaden.

Teiknkatedralen (1816-26) er ein annan imponerande bygning, oppført i den reinaste nyklassisistisk stil, med ein kuppel på 20 meter i diameter og 48 meters høgd. Interiøret var tidlegare særs rikt, med marmor, gull og freskar. Under sovjetperioden vart derimot katedralen skjenda og fire laterale kuplar og to klokketårn over inngangen vart rive. Det eksisterer planer om å restaurere kyrkja til den opphavlege standen.

Det finst mange minnesmerke over Slaget ved Kursk, både i byen og i Prokhorovka.

Nær byen ligg Tsentralno-Tsjernozemny Zapovednik, eit stort område med steppeland som aldri har vorte pløgd. Det vert nytta til ei rekkje forskningsføremål.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kursk er i dag ein viktig forvaltings- og industriby. Dei viktigaste næringsvegane er jernindustri, kjemisk industri og næringsmiddelindustri. I områda rundt byen er jordbruket viktig, sidan Kursk ligg i den fruktbare svartjordsregionen.

Spesielt kjent er magnetanomalien i Kursk (KMA), som er det største jernmalmbekkenet i verda med eit gjennomsnittleg jerninnhald på mellom 35 og 60 %.

Høgare utdanning og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kursk har fleire universitet: Medisinsk universitet, teknisk universitet, Kursk statlege universitet (tidlegare pedagogisk universitet og jordbruksakademi og òg det private Regionale opne sosiale institutt (ROSI).

Kursk statlege universitet husar òg Det russiske kammerorkesteret leia av dirigenten og trompetisten Sergej Proskourin. Orkesteret opptrer ofte, er på turne i utlandet og har produsert mange album.[1]

Ein dvergplanet, 3073 Kursk, oppdaga av den sovjetiske astronomen Nikolaj Tsjernykh i 1979, er kalla opp etter byen. [2]

Kjende folk frå Kursk[endre | endre wikiteksten]

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Russisk Chamber Orchestra".
  2. Dictionary of Minor Planet Names - s.253

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kursk