Curt Badinski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kurt Badinski)
Curt Badinski
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. mai 1890
Grebenstein
Død

27. februar 1966 (75 år)
Byen Oldenburg

Yrke militær
Språk tysk

Curt Badinski (17. mai 189027. februar 1966) var ein tysk generalløytnant med stasjonering i Bergen og hadde kommandoen over dei tyske landstridskreftene på Vestlandet 1942-1943.

Badinski vart oberst 1. august 1938 og hadde kommandoen over 489. infanteriregiment frå 27. august 1939 til 6. januar 1942. 17. januar 1942 fekk han kommandoen over 23. infanteridivisjon og han vart utnemnd til generalmajor 1. februar same året. Ved 23. infanteridivisjon stod han til 9. juli 1942. 1. september 1942 fekk han kommandoen over 269. infanteridivisjon, som vart overført frå Leningradavsnittet til Bergen 16. november 1942. Badinski vart utnemnd til generalløytnant 1. mars 1943 og stod som sjef for 269. divisjon til 25. november 1943. Han fekk kommandoen over 276. divisjon 10. desember 1943. Divisjonen vart sett inn i Normandie i juni 1944, og vart utsletta i august 1944. Generalløytnant Badinski vart teken til fange 21. august 1944 av amerikanarane. Han sat internert til 21. juni 1947.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]