Kurt Gödel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Gödel

FøddKurt Friedrich Gödel
28. april 1906
Brno
Død14. januar 1978
Princeton
NasjonalitetUSA, Austerrike, Cisleithania, Tsjekkoslovakia
Områdemengdelære, matematisk logikk, analytisk filosofi, matematikk, fysikk, relativitetsteorien, logikk, predikatlogikk, filosofi, matematisk filosofi
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar, informatikar, fysikar
InstitusjonarPrinceton University
Universitetet i Wien
University of Notre Dame
Institute for Advanced Study
Alma materUniversitetet i Wien
DoktorgradsrettleiarHans Hahn
EktefelleAdele Gödel
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Det franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences

Kurt Gödel (28. april 190614. januar 1978) var ein logikar, matematikar og filosof.

Han vert rekna som ein av dei mest påverknadsrike logikarane gjennom tidene. Mest kjend er han for Gödels ufullstendighetsteorem, som grovt og enkelt sagt seier at eit lukka system ikkje kan bevisast ut frå seg sjølv.

Nasjonaliteten til Gödel er ein komplisert affære. Han vart fødd i Brünn i Mähren i Austerrike-Ungarn (no Brno i Tsjekkia) Han vart automatisk tsjekkoslovakisk statsborgar som 12-åring då Austerrike-Ungarn fall frå kvarandre. Ni år seinare bytte han til austerriksk statsborgarskap. Då Hitler annekterte Austerrike, vart han brått tysk. Og etter andre verdskrig, som 42-åring, vart han amerikansk statsborgar.

Han var dosent i Wien frå 1933 til 1938, og frå 1938 knytt til Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Frå 1953 var han professor der.

Verket hans Über formal unentscheidbare Sätze der «Principia Mathematica» und verwandter Systeme (1931) opna for nye perspektiv i samband med logisk tenking, sidan han påviste at den deduktive metoden har visse absolutte avgrensingar som ein ikkje kan kome utanom. Gödel viste at det finst satsar som ikkje kan avgjerast innanfor kvart tilstrekkeleg rikt logisk system. Det vil seie at kvart slikt system vil inneheld utsegner som ikkje kan bevisast, sjølv om dei er sanne. Spesielt er det fundamentale spørsmålet om matematikken er fri for motseiingar prinsipielt umogeleg å avgjere med matematiske metodar. Gödel oppnådde desse resultata - kjende som Gödels ufullstendigheitsteorem – ved å nytte ein ytst subtil matematisk metodikk. Resultatet hans er av generell erkjenningsteoretisk interesse og kan såleis reknast som ein av dei store milepålane i filosofihistoria. Det representerer der eit av dei få presise og vidtrekkande resultata ein i det heile har om den menneskelege tenkinga og avgrensingane til denne.

Gödel gav andre banebrytande bidrag til matematisk logikk, særskild innanfor mengdelære, i samband med den såkalla kontinuumshypotesen. Resultata hans på dette området er gjevne ut i eit anna kjent verk, The Consistency of the Continuum Hypothesis (1940).

Gödel døydde av underernæring i 1978 etter kona hans Adele hadde vore innlagd på sjukehus i seks månader: maten hennar var han einaste han åt i frykt for å bli forgifta av andre. Han unngjekk til og med mat han hadde laga sjølv, og engsta seg for kjøleskap og radiatorar. Det er av allmenn oppfatning at han hadde visse paranoide trekk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]