Kutaisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kutaisi
Klosteret Gelati, ein verdsarvstad i Kutaisi
Klosteret Gelati, ein verdsarvstad i Kutaisi
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Flatevidd
 - By

70 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)
   - folketettleik

185 955
  2 657/km²
Koordinatar 42°15′″N 42°42′″EKoordinatar: 42°15′″N 42°42′″E
Høgd over havet 125 m - 300 m
Tidssone MSD (UTC+4)

Kutaisi (georgisk ქუთაისი; antikke namn: Aea/Aia, Kutatisi, Kutaïssi) er den nest største byen i Georgia og hovudstad i regionen Imeretija. Han ligg 221 km vest for Tbilisi.

Kutaisi ligg ved elva Rioni, 125-300 meter over havet. I aust og nordaust ligg foten av Imeretifjella, i nord ligg fjellkjeda Samgurali Range, og i vest og sør Colchissletta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kutaisi var hovudstad i det historiske kongeriket Colchis. Arkeologiske funn viser at byen eksisterte alt på 1000-talet fvt.. Historikarar meiner at då Apollonius Rhodius skreiv om Jason og argonautane og deira legendariske reise til Colchis var Kutaisi/Aia enden på reisa til argonautane og heimstaden til kongen Aeetes. I 975-1122 var Kutaisi hovudstad i Kongedømet Georgia, og frå 1400-talet til 1810 hovudstad i Kongedømet Imerertija. I 1810 vart Imeretija okkupert av Russland. Før Georgia fekk sjølvstende i 1991 og den nasjonale økonomien kollapsa, var Kutaisi eit stort industrisenter. I dag har mange innbyggjarar i byen reist utanlands for å fø seg sjølv. Handel på liten skala er hovudnæringa til resten av innbyggjarane.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kutaisi har to attraksjonar som begge står på UNESCO si verdsarvliste. Den eine er ruinane av Bagratikatedralen, bygd av Bagrat III, konge av Georgia, tidleg på 1000-talet. Den andre er Gelatikloseter, og begge ligg eit par kilometer aust for byen. Ei av dei mest kjende kyrkjene i Georgia er Motsametakyrkja. Andre attraksjonar er Satapliagrotta, der ein kan sjå fotspor etter ein dinosaur.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kutaisi er kjend som fødebyen til Katie Melua.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]