Kutiyattam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helten i ei førestilling.

Kutiyattam (malayalam കൂടിയാട്ടം, kūṭiyāṭṭaṁ), også skrive koodiyattam, er ein type sanskritdrama frå Kerala i India. Kutiyattam kombinerer musikk, dans og fastsette overdådige kostyme til religiøse førestillingar som tradisjonelt blir haldne i hindutempel. Kunstforma er anerkjend av UNESCO som eit døme på immateriell verdsarv.

Guruen Mani Madhava Chakyar som Ravana, skurken i Ramayana.
Dansar som førestiller ein dyrefigur.
Skurkefigur.

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Kutiyattam er ei ritualisert kunstform som byrjer med ei bøn til Ganapati (Ganesja), symbolsk reinsking av scena med vassdropar og tenning av oljelampe.[1] Ei framsyning har tre delar:[2]

  • Purappadu, der skodespelaren som skal opptre først i stykket framfører eit vers gjennom gestar (abhinaya) og deretter ein rein dans (kriya). Denne delen vara opphavleg i ein dag.[1] I dag kan han vara rundt to timar.
  • Nirvahanam, der ein einsleg skodespelar bruker gestar til å introdusera stykket og karakterane, gjerne med tekst og situasjonar frå andre stader enn det eigentlege stykket. Tradisjonelt kunne denne delen gå over fleire dagar.[1]
  • Kutiyattam, sjølve dansespelet, der fleire utøvarar kjem på scena og framfører skodespelet etter eit gjeve manus.

Gode, noble figurar er kjenneteikna av grøn ansiktsmåling medan demoniske figurar har svart ansiktsmåling. Skurkar kan markerast med duskar på fjeset i ei tillaging kalla kathi ('kniv'). Det er vanleg å bruka klassiske sanskritverk av Bhasa, Kulasekhara Varman, Mahendra Vikrama, Harsha og Nilakanta til ei førestilling. [1]

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste instrumenta brukt til å innleia førestillinga og akkompagnera dansen i kutiyattam er trommene mizhavu og etakka, cymbalen kuzhitalam, blåseinstrumentet kurumkuzhal og sankhu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Guru Mani Madhava Chakyar og truppen hans framfører Thoranayudham (ein del av Abhisjeka nataka av Bhasa, basert på eposet Ramayana), i Chennai i 1962. Dette var første gongen kutiyattam blei framført utanfor Kerala.

Kutiyattam har røter som går meir enn 2000 år tilbake i tid.[3] Som fleire andre sørindiske danseformer kan kutiyattam førast tilbake til eposet Silappadikaram frå 400-talet. Her opptrer ein viss Parayur Koothachakyyar med dansespelet Tripuradahanam for kongen. Kutiyattam blei tradisjonelt framført av menn frå chakyar-gruppa (ei kastegruppering frå Kerala) og kvinner frå ambalavasi/nambiar-grupperingane kalla nangyaramma.[1]

Opphavleg blei kutiyattam berre framført på særleg bygde scener i visse hindutempel. Desse scenene, kalla kuthambalam, er kjend for god akustikk, fine utskjeringar og detaljrike dekorasjonar.[1] I 1955 framførte danseguruen Mani Madhava Chakyar dansen utanfor eit tempel for første gong, til stor motstand frå tradisjonalistar.[4] I 1962 blei Mani Madhava Chakyar invitert til å framføra kutiyattam ved Sanskrit Ranga i Madras (Chennai). Dette var første gongen dansen var framført utanfor Kerala.[5] Oppvisingar over heile India følge, og Chakyar blei gjeven ein Sangeet Natak Akademi-pris i 1964. Opptredenar og demonstrasjonar offentleg, på All India Radio og på fjernsynskanalen Doordarshan førte danseforma ut til eit breiare publikum.

Painkulam Raman Chakyar instruerte ein del europearar i dansen, bidrog til å produsera ein dokumentarfilm om han i 1974 og drog seinare på turné i Europa. Dansaren Ammannur Madhava Chakyar blei den første dansaren til å framføra kutiyattam utanfor India på 1980-talet, med framføringar i Europa og Japan.

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Kutiyattam-tradisjonen voks fram i eit føydalsamfunn med støtte frå rike herskarar. Han var ei eksklusiv kunstform knytt til hindutempel der berre visse kaster hadde adgang. Ei utviding til eit større publikum har vore heilt nødvendig etterkvart som samfunnet i Kerala har utvikla seg.

Dansarar treng gjerne trena i 10-15 år før dei er klare til å opptre, medan ei førestilling kunne vara i opptil 40 dagar. Økonomiske vanskar gjer derfor at danseforma igjen er truga etter ei gjenoppliving tidleg på 1900-talet.[3] Ulike senter og organisjonar gjev støtte til opplæring i danseforma, til dømes Kerala Kalamandalam, Margi i Thiruvananthapuram,[6] Ammannur Gurukulam ved Irinjalakuda i Thrissur-distriktet, Mani Madhava Chakyar Gurukulam ved Lakkidi i Palakkad-distriktet og Nepathya i Moozhikkulam.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kutiyattam