Kuttainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°22′40.343″N 22°48′25.567″E Kuttainen er ein gammal svensk tettstad i Kiruna kommun i Norrbottens län, i landskapet Lappland. I år 2005 hadde tettstaden 364 innbyggjarar. I Kuttainen har det vore mykje jordbruksdrift og det er sterkt prega av kristne ideal der gamle tradisjonar framleis lever.

Staden Kuttainen i nordlegaste Lappland ligg ved Muonioälven ved finskegrensa i Kiruna kommun i Norrbottens län, ca. 20 km søraust for Karesuando og ca. 20 mil nord for polarsirkelen.

Staden blei grunnlagd i 1660 av Per Hindersson Aasa frå Juoksengi og bar då namnet Tullinkisuando. Per Eriksson Kuttainen frå Haapakylä, som blei husbonde på nybygd ved 1660-talets slutt, gav staden det noverande namnet sitt. Ein stor del av innbyggjarane på staden nedstammer frå svigersonen til Per Eriksson Kuttainen, nemndsmannen Anders Andersson Karist-Kuttainen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]