Kuwae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kuwae eller Karua er ein undersjøisk vulkan mellom øyane Epi og Tongoa. Han er ein av dei mest aktive vulkanane i Vanuatu.

Katastrofar[endre | endre wikiteksten]

Øyane Tongoa og Epi var ein gong ein del av den større øya Kuwae. Lokale segner fortel om eit katastrofalt utbrot som øydela øyane og etterlet to mindre øyar og ein oval kaldera på 12 x 6 km i mellom. Storleiken på kalderaen tyder på at han kan ha falle saman så mykje som 1100 meter og at 32 til 39 kubikkilometer magma vart kasta ut. Dette gjer det store Kuwaeutbrotet til eit av dei største vulkanutbrota dei siste titusen åra.[1]

Antarktis og Grønland har iskjerner vist ein topp i sulfatkonsentrasjonar som var høgare enn noko anna utbrot sidan den gong.[2] Analysar av iskjernene har tidsett hendinga til seint 1452 eller tidleg 1453.[3] Volumet som vart kasta ut var seks gonger meir enn Pinatubo-utbrotet i 1991 og skapte ei alvorleg nedkjøling av heile planeten dei neste tre åra.

Klimatiske konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Ein studie av dr. Kevin Pang frå Jet Propulsion Laboratory[4] har basert seg på årringar, iskjerner og historiske kjelder i Europa og Kina. Eikepanel på britiske portrettmåleri har særs smale ringar i 1453-1455.

I Sverige fall korntienden til null fordi avlingane feila. I det vestlege USA synte revehalefuruar frostskadar i 1453, og i Europa og Kina vart treveksten hemma i 1453–1457.

I følgje historia til Ming-dynastiet i Kina våren 1453, skal vedvarande snø ha øydelagd kornavlingane. Seinare på året, då støv gjorde sollyset svakt, skal fleire fot med snø ha falle i seks provinsar og titusenvis av menneske fraus i hel.

Tidleg i 1453 snødde det i 40 dagar sør for Chang Jiang-elva og mange døydde av kulde og hungersnaud. Innsjøar og elvar var isdekte og Gulehavet var islagt 20 km ut frå kysten.

Utbrotet skjedde like før Konstantinopel fall, den siste bastionen til det ein gong så mektige Austromarriket. Det osmanske riket, leia av sultan Mehmed II, la ei omleiring rundt byen den 5. april 1453, og erobra han den 29. mai. Historikarar i Konstantinopel nemnde mellom anna at hagane i byen produserte særs lite denne våren. Den 25. mai skal eit torevêr ha råka byen så hardt med regn og hagl at det ikkje var mogeleg å stå oppreist. Dagen etter var byen dekt i tjukk skodde, noko som var ukjend i denne delen av verda i mai. Då skodda letta om kvelden har historikarane skildra eit raudt skjer på himmelen i det fjerne, som ein trudde var brannar starta av tyrkarane. Pang meiner derimot at «brannen» var ein optisk illusjon på grunn av refleksjon av solnedgangen frå vulkansk oske i stratosfæren. Mange slike falske brannalarmar vart òg innmeldte over heile verda etter Krakatoa-utbrotet i 1883 i Indonesia.

Nyare aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Øyar har fleire gonger vorte danna i kalderaen til Kuwae.[5] Utbrotet i 1897–1901 bygde ei øy som var 1 km lang og 15 meter høg. Ho forsvann etter seks månader. Utbrotet i 1948–1949 skapte ei øy og bygde ei kjegle som strekte seg 100 meter over havet og var 1,6 km i diameter. Øya varte mindre enn eit år. Alle øyane har forsvunne på grunn av bølgjer og rørsle på botn av kalderaen. I 1959 dukka ei ny øy opp ei kort stund, og igjen i 1971. Den siste øya som er sett her var i 1975.[6]

I dag finst det aktivitet ved Kuwae i form av fumaroler som kjem og går, og som fargar vatnet gult. Over toppen av vulkanen kjem bobler av hydrogensulfid opp til overflata.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 16°49′45″S 168°32′10″E