Kuzman Knoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuzman Knoll
ås
Kuzman Knoll frå nord forberga av Ravda Peak.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island
 - høgd 620 moh.
 - koordinatar 62°38′09.8″S 60°09′42.4″W / 62.636056°S 60.161778°W / -62.636056; -60.161778
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Kuzman Knoll
62°38′10″S 60°09′42″W / 62.6361°S 60.1618°W / -62.6361; -60.1618
Kuzman Knoll is located in Antarktis
Kuzman Knoll (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Kuzman Knoll (Kuzmanova Mogila) er ein einsleg, isdekt knaus med ei høgd opp mot 620 m aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Knausen dannar eit kjenneleg landemerke i Wörner Gap-området, oppom Huronbreen og den øvre delen av Perunikabreen. Han vart kalla opp etter Kuzman Tuhtsjijev, som deltok under den bulgarske antarktisekspeidsjonen i 1993/94 og som var leirsjef ved St. Kliment Ohridski i løpet av 1994-96.

Åsen vert kalla ‘Tukhchiev Knoll’ av amerikanske og britiske namnekomiteear for Antarktis, medan «Kuzman Knoll» er det offisielle bulgarske namnet.

Dei første som nådde toppen av åsen var bulgarske Kuzman Tuhtsjijev og Vasil Gurev frå St. Kliment Ohridski-basen i løpet av sesongen 1994/95.

Knausen ligg 1,1 km nord-nordaust for Camp Academia, 1,1 km aust for midten av Wörner Gap, 3,68 km aust-nordaust for toppen av Pliska Ridge, 4,07 km nord-nordaust for Mount Friesland, 3 km søraust for Mount Bowles og 3,32 km sørvest for Atanasoff Nunatak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]