Kuznetsk Alatau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Toskane sin topp», Kuznetsk Alatau

Koordinatar: 54°8′N 88°45′E Kuznetsk Alatau (russisk Кузнецкий Алатау) er ei fjellkjede sør i Sibir i Russland mellom Kuznetsksenkinga og Minusinsksenkinga. Ho er 300 km lang og opp til 2178 meter over havet på det høgaste. Kjeda er ein del av fjellsystemet i Sentral-Asia.

Desse fjella har glatte konturar med slake fjellsider i aust og heller bratte i vest. Gran dominerer skogbelte i den øvre delen, men nær tregrensa (1300-1900 moh) tar pinje over. Høglandet består av store steinurer, flekkar med fjellenger og noko kratt, lav og mose på nokre av dei sørlege fjellmassiva. Nedslagsfeltet til elva Kondoma i Gornaja Sjorija er særeigen for lindetreskogen som ein meiner er restane av før-pleistocensk nemoral vegetasjon i Sibir.[1]

Kjeda består hovudsakleg av metamorfe bergartar som er rik på jern, mangan, nefelin og gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kuznetsk Alatau