Kvæøya

Koordinatar: 68°45′56″N 16°06′22″E / 68.76556°N 16.10611°E / 68.76556; 16.10611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvæøya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°45′56″N 16°06′22″E / 68.76556°N 16.10611°E / 68.76556; 16.10611

Areal 7,0 km²

Høgaste punkt Hilderkleiva (267 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 123 (2001)
Folketettleik 17,6 /km²

Kvæøya, ofte skriven med den uoffisielle skrivemåten Kveøya, er ei øy i Kvæfjord kommune i Troms. Øya ligg i Kvæfjorden, like ved kommunesenteret Borkenes. Kvæøya har eit areal på 7 km², og det høgaste punktet på øya er 267 moh. Øya hadde 123 innbyggjarar i 2001. Øya vert rekna som særs fruktbar, med store gardsbruk, og er hovudsakleg busett på sør- og vestsida. Den nordlegaste garden heiter Øynes. Nordaustsida av øya er bratt og det finst ikkje busetnader eller fruktbar jord her.

Kvæøya har fastlandssamband med hjelp av 1270 meter lang sjøfylling og ei 370 m lang bru til Salen på søraustsida av Øysundet. Brua blei opna i september 2010.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordlys, artikkel den 26. september 2010, Åpnet ny bru Henta 10. april 2016
Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.