Kvæfjord kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°43′12″N 16°0′57″E

Kvæfjord kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1911
Fylke Troms
Adm.senter Borkenes
Areal 522 km²
Folkemengd 3 082 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (20112015) Torbjørn Larsen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.kvafjord.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1911.svg
Kvæfjord kommune på Commons
Kart over Kvæfjord
Utsikt mot Kvæfjorden og Kveøya. Gullesfjorden i bakgrunnen.
Foto: Asbjørn Håkonseth
Rydningsrøysar på eit jorde på Dale i Kvæfjord
Foto: Asbjørn Håkonseth
Gapøyholman i midnattssol
Foto: Asbjørn Håkonseth
Gapøya
For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Kvæfjorden.

Kvæfjord kommune (nordsamisk Giehtavuona suohkan) ligg i Troms. Han er den vestlegaste kommunen i fylket og grensar mot Harstad kommune i aust, Tjeldsund og Lødingen i sør og nordlandskommunen Sortland i nord og vest. Kommunen ligg på Hinnøya, langs Kvæfjorden med dei mindre øyene Kvæøya og Gapøya.

Kvæfjord har et har eit innbyggjartal på 3 018 pr. 1. april 2011, av dei bur om lag halvparten i kommunesenteret Borkenes.

Kvæfjord er kjend for lange jordbrukstradisjonar og store avlingar med jordbær og poteter og også for bakverket kvæfjordkake. Fjorden har tidlegare òg vore kjend for det gode sildefisket. Kvæfjord var fødestaden til Hans Egede si kone Gjertrud Rasch.

Namn og symbol[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange gamle variantar av namnet på bygda. Dei første som vert nemnt er Quidiafiorde, med forskjellige stavemåtar, og seinare har det vorte forenkla til mellom anna Quidefiord, Quefiord og i 1723 Qvæfiord. Ifølgje Oluf Rygh og bokverket hans, Norske Gaardnavne, må namnet stamme frå Kviðjafjordr, der Kviðja viser til øya som i dag heiter Kveøya og ligg midt i fjorden. Kviðja kan tyde 'buk' eller 'mage' (kviðr), og byggjer i så fall på den bøygde forma på øya.[2]

Andre moglege forklaringar på namnet er at det kjem av kvidugr, altså fruktsommeleg, eller kvi, kvia som kan tyde oppdyrka og innhegna jordstykke i utmark, eller ein samlingsplass for husdyr (kve).[3]

Det samiske namnet på fjorden, Giehtavuotna, tyder 'handfjorden' og kan byggje på forma på fjorden - som ei hand med fleire fingrar (sidefjordar). Dette namnet kan òg vere ein bakgrunn for det norske.

Kvefjord og Kvedfjord var i lang tid korrekte offisielle skrivemåtar i tillegg til Kvæfjord.

Kommunevåpenet til Kvæfjord er ein jordbærplante i gull mot ein grøn bakgrunn. Det blei godkjend i 1986.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen ligg rundt fjordane Kvæfjorden og Gullesfjorden, samt ein sidefjord til Gullesfjorden, Austerfjorden. Kveøya delar Kvæfjorden i to sund. Sundet på nordsida heiter Bygdesundet, og på sørsida ligg Øysundet. Ytst i fjorden ligg Gapøya og Gapøyholman. Tidlegare omfatta kommunen òg Godfjorden, som vart overførd til Sortland kommune 1. januar 2000.

Rundt Gullesfjorden, i den sørvestre delen av kommunen, er det høge og spisse fjell med bratte lier. Det høgste punktet i Kvæfjord, 1 116 moh., er på fjellet Reinspælen, som ligg vest for Gullesfjorden. I nord og aust er det meir avrunda fjell, breiare dalar og meir viddelandskap, som på Melåheia. Dei fleste vassdraga i kommunen er små og næringsfattige.

Bortsett frå i området StraumsbotnStorjord, ligg det aller meste av busetnaden som eit smalt belte langs kystlina.

Riksveg 83 går frå Harstad og inn i Kvæfjord kommune over Kvæfjordeidet, og den tre km lange riksveg 849 går frå Gåra og inn til kommunesenteret Borkenes. RV83 går så forbi dei innerste gardane i Kvæfjorden, langsmed Øysundet og Gullesfjorden, og kryssar han med ferjesambandet Refsnes-Flesnes. I Langvassbukt møter vegen riksveg 85, som går frå Europaveg 10 i Gullesfjordbotn og mot Sortland. E10 frå Lødingen mot Lofoten går gjennom den sørlegste delen av kommunen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kvæfjord har eit typisk subarktisk maritimt klima, og er verna av høge fjell. Jordbruket gjer seg dessutan nytte av sørvendte lier og ljose netter i midnattssol. Kald nordavind kan stå rett inn i fjorden frå Nordishavet, og etter periodar med varme sommardagar tar den med seg havtåke som legg seg i fjorden.

Det er veldig stor forskjell på nedbørsmengden i dei forskjellige delane av kommunen, i nord er det lite nedbør sammenlikna med relativt mykje i sør. Denne nedbørsgradienten er ein av dei største i Noreg.[5]

Tabellen nedanfor viser normalverdiar for perioden 1961−1990.

Normalar for Borkenes (36 moh.)[6] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) −2,8 −2,5 −1,0 1,9 6,4 10,2 12,6 12,1 8,3 4,3 0,4 −1,9 4,0
Nedbør (mm) 81 74 59 47 33 40 51 56 82 109 94 94 820

Kvæfjord har fylkesrekorden for største årsnedbør i Troms fylke. På Eidet i Gullesfjorden vart det målt 2 622 mm i 2003.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Bergartane i området vert dominert av eldre, relativt tungt forvitrelege grunnfjellsbergartar, i hovudsak granitt. Vest og sør for Gullesfjorden er det gneis som har ein alder på meir enn 2,5 milliardar år.[7] Det finst smale belte av kalkspatmarmor i området, som gjev viktig tilskot av kalk til vegetasjonen.

På byrjinga av 1900-talet freista ein å starte bergverksdrift ved Kjengsnes i Austerfjorden, og på Skår på Kveøya (jernmalm), i Straumsfjellet og på Berg (kopar). Drifta var ulønsam, og opphørde etter kort tid. Den mest vellukka lokaliteten var Skår, kor det vart henta ut nokre tusen tonn jernmalm.

Istider har lagt att mykje morene. Det må ha vore tungt arbeid å rydde stein frå jordene, sidan det er så mykje botnmorene i området, men resultatet vart veldig godt.

Naturvern[endre | endre wikiteksten]

Tre område i kommunen er verna som naturreservat: Gapøy naturreservat, Gapøyholman naturreservat og Gullesfjordbotn naturreservat.

Kvæfjord kommune har fått utarbeida ein eigen database for kartleggjing av verdifulle naturtypar og artar som er oppførd på den norske raudlista.[8] Alle dei sju naturtypane som Direktoratet for naturforvalting reknar som verdifulle med tanke på det biologiske mangfaldet, er registrert i Kvæfjord.

Kommunen har fått i spesielt oppdrag å ta vare på den raudlista arten snøsoleie.[9]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Folketettleiken er størst på nordsida av Kvæfjorden. Grendene Vikeland, Gåra, Strand, Trastad og Dale høyrer i tillegg til tettstaden Borkenes med i dette området med samanhengande busetnad og innmark. Utanfor Dale ligg grendene Elde og Bremnes, og innanfor ligg Vik, Straumen og Storjord. I Gullesfjorden ligg Hemmestad, Refsnes, Flesnes og Langvassbukt. Kveøya har grendene Hundstad og Vebostad.

Det er tre postnummer knytt til kommunen: 9475 Borkenes, 9476 Borkenes (postboksar) og 8409 Gullesfjord.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kvæfjord rådhus
Foto: Asbjørn Håkonseth

Kommunestyret i Kvæfjord kommune har 23 medlemmer. Kommunen nyttar formannskapsmodellen, og formannskapet har fem medlemmer.

Dei tre siste kommunevala har Kvæfjord kommune prøvd ut ordninga med direkte ordførarval. Dette førte i valet i 2007 til at Lillian Hessen vart ordførar frå partiet Venstre, sjølv om samarbeidet mellom partia Ap, SV og Sp har fleirtalet i kommunestyret og formannskapet.

Skular og barnehagar[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har to barne- og ungdomsskular, Borkenes skule og Flesnes skule. I tillegg har ein skule, Vik skole, berre 1.-7. trinn. Elevane derfrå går vidare på Borkenes ungdomsskule. Dei tre skulene har SFO-tilbod. Kommunen driv òg barnehagar på Borkenes, Elde og i Vik.

Rå vidaregåande skule tilbyr undervisning i idrettsfag, restaurant- og matfag, naturbruk, helse- og sosialfag og blomsterdekoratør, i tillegg til tilrettelagt undervisning i forskjellege studieretningar. Skulen drivast av Troms fylkeskommune.

Grendene inst i Gullesfjorden nyttar skule- og barnehagetenester i Lødingen kommune. Dei busatte på asylmottaket går på vaksenopplæring i Harstad.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Det er kommunale lækjarkontor og helsestasjon på Trastad, og den fylkeskommunale tannklinikken ligg like ved. Kommunen har ei felles lækjarvaktordning med Harstad, slik at lækjarvakta er på UNN Harstad (Harstad sjukehus) utanom opningstidene på lækjarsenteret.

Media[endre | endre wikiteksten]

Harstad Tidende er lokalavis for kommunen, som dessutan ligg innanfor dekningsområdet til Bladet Vesterålen. UL Fram gjev ut bygdemagasinet Kveaalen, som skriv om kultur, lokalhistorie og aktivitetane til UL Fram.

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit prestegjeld og sokn, med ei hovudkyrkje, Kvæfjord kyrkje, og Langvassbukt kapell i Gullesfjord. Det er ei gravlund ved Kvæfjord kyrkje og ei på Flesnes.

Det er ein baptistkyrkjelyd på Borkenes.

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Kvæfjord ligg i Sør-Troms og inngår i følgjande administrative inndelingar:

Kvæfjord var tidlegare ein del av Senja fogderi.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har i alle tider vore eit jordbruksområde, og fiske har òg vore viktig. Potet og jordbær frå kommunen er kjend og ettertrakta. Jordbæra har til og med fått plass i kommunevåpenet. Tidlegare var det ein sildoljefabrikk på Borkenes, og det har òg vorte eksperimentert med oppdrett av blåskjell.

Institusjonen Nord-Norges ÅndssvakehjemTrastad, som vart oppretta av Nord-Norges Diakonistiftelse på 1950-talet, har hatt mykje å seie for kommunen, òg etter at han vart lagt ned i 1991. Institusjonen var omsorgs- og utdanningsinstitusjon for psykisk utviklingshemma frå heile landsdelen. Sia HVPU-reforma i 1991, som gav ansvaret for omsorg til kvar særskild kommune, har Kvæfjord fortsatt hatt ein stor omsorgsteneste. I 2005 vart den private institusjonen Kvæfjord Opplevelse og Avlastning (KOA) oppretta, og er i dag eit selskap i utvikling. I tillegg til avlastnings- og barneverntenester, driv KOA òg eit asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kvæfjord har sitt eige kulturhus, kjend som "Sosialbygget", som er det tidlegare kapellet på Trastad gard. I tillegg brukast samfunnshuset til UL Fram, "Fram", til mange kulturaktivitetar. Fårebygget er eit galleri og atelier som er ein ombygd fjøs. Borkenes skolekorps samarbeider med den kommunale kulturskulen, og har dirigent og fleire instruktørar frå Forsvarets Musikkorps Nord-Norge i Harstad. Kommunen eig og driv ein idrettshall med gymsal og symjehall, Kvæfjordhallen.

Trastad Samlinger kan ein sjå kunst laga av psykisk utviklingshemma. Kunsten stammar både frå tida då Trastad Gard var ein institusjon for psykisk utviklingshemma, og frå dei noverande internasjonale kontaktane til galleriet. Museet har òg ei utstilling som viser historia til institusjonen, og dagleglivet der.

Hemmestad brygge er ein del av det regionale museet Trondarnes Distriktsmuseum. Distriktsmuseet har òg ansvar for kulturminnearbeid elles i kommunen. På brygga, som er ein tidlegare handelsstad, er det utstillingar som viser kulturhistorie frå Kvæfjord.

Kommunen har eit kulturlandskap med både gamle og nye kulturminne. Det går ein kultursti frå Skallan til kor ein kan sjå restar av installasjonar som skulle forsvare Harstad under 2. verdskrig, gravhaugar, sommarfjøs og anna.

Tusenårsstader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har vald to museum i kommunen som tusenårsstader. Desse to er hhv. breiddeprosjektet Hemmestad brygge og søyleprosjektet Trastad Samlinger.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Kvæfjord kommune frå 1900:

1900[10] 1.12.1920[11] 1.12.1930[12] 3.12.1946[12] 1.1.1951[13] 1.1.1961[13] 1.1.1971[13] 1.1.1981[13] 1.1.1991[13] 1.1.2001[13] 1.1.2010[13]
3115ab 3106ab 3087ab 3577ab 3517ab 3293a 3672a 3679a 3500a 3225 3049
a Talet omfattar eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 2000, då det vart overført til Sortland kommune. Dette området hadde då 102 innbyggjarar.
b Talet omfattar eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.

Kjende menneske frå Kvæfjord[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvæfjord kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. O. Rygh: Norske Gaardnavne.
  3. Røkenes, Jentoft (1955) «Kvæfjord - Kvefjord - Kvedfjord» – Håløygminne, nr. 19.
  4. «Kommunevåpen», kvafjord.kommune.no
  5. Gaarder, G. & Mikkelsen, P. (2003). Biologisk mangfold i Kvæfjord kommune. Kartlegging av naturtyper og oppgradering av viltkart. Miljøfaglig Utredning rapport 2003:26
  6. met.no: Normaler for Kvæfjord.
  7. Store norske leksikon - Kvæfjord.
  8. Naturtyper i Kvæfjord.
  9. Postkort til Kvæfjord kommune fra miljøvernminister Erik Solheim.
  10. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  11. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  12. 12,0 12,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 Folkemengd i Kvæfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå