Kvadrilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For øvinga med hest, sjå rideøvinga kvadrilje.
Teikning av to par som dansar La Trénis, ein av turane i kvadrilje, frå 1805.

Kvadrilje er namnet på ein dans for to, fire eller fleire par, og på passande musikk til han. Dansen omfattar som regel fem turar av kontradans, og musikken fem delar i 2/4 eller 6/8 takt. Han var særleg utbreidd på 1800-talet, og breidde seg til store delar av verda.

«Kvadrilje», eller «statskvadriljen», er også brukt om dei diplomatiske manøvrane og stadig skiftande alliansane til dei ulike europeiske stormaktene på 1700-talet.

Quadrille naturaliste aux Ambassadeurs måla av Jean-François Raffaëlli i 1886.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvadriljen oppstod truleg på 1700-talet i Frankrike. Det franske namnet quadrille viste opphavleg til ei gruppe soldatar og seinare ei gruppe hestar og ryttarar som rei i formasjon i ei turnering eller liknande. I dag finst framleis rideøvinga kvadrilje. Ordet kjem frå spansk og tyder 'gruppe på fire'. Det er avleidd frå cuadro, 'kvadrat'.

Folkedansframføring av kvadrilje frå Tangermünde.

Dansen var opphavleg framført som ballett, men spreidde seg under Napoleon si keisartid til hoffet hans og derfrå til andre delar av verda. Han var svært populær først på 1800-talet, både som selskapsdans og folkedans. Det blei utvikla fleire lokale eller formaliserte variantar. Fransk kvadrilje finst både som folkedans og hoffdans eller quadrille à la cour, ei regelbunden utgåve som mellom anna blir dansa på wienerball i ein variant med seks turar. Den improviserte quadrille naturaliste frå midten av 1800-talet gav opphav til cancan. Den opphavleg engelske lanciers blei etterkvart til ein særeigen og vedvarande dansk dans. I Russland og omegn blei dansen til kadril. Det utvikla seg fleire karibiske kvadriljetradisjonar, medan brasiliansk quadrilha og USA-amerikansk squaredance blei inspirerte av kvadriljen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I kvadriljen er ikkje fotarbeidet det viktige, men kvar ein går i høve til dei andre dansarane. Hovudpoenget ved dansen er at dansarane utfører ulike manøvrar samspel med kvarandre, at para blir løyste opp og danna med nye dansepartnarar.

Teikning av fire par som dansar L'été frå rundt 1820.
Vitseteikning frå 1817 som viser korleis det kan gå gale når ein dansar kvadrilje.

Opphavleg var ikkje mønsteret på dansinga fastlagd, men etterkvart blei fem eller seks faste turar vanlege. Turane har gjerne franske namn:

  • Le Pantalon ('buksa')
  • L’été ('sommar')
  • La Poule ('høna') og/eller La Trénis
  • La Pastourelle ('gjetarjenta')
  • Finale

Kvar av desse turane inneheld fastsette manøvrar, som avantdeux ('to fram'), der ein mann og kvinne frå motståande sider går fram mot kvarandre og tilbake igjen, tour de deux mains (“tohandtur”) der kvart par held kvarandre i begge hendene og svinger rundt, chaîne Anglaise ('engelsk rekkje') der to par frå ulike sider møter kvarandre og bytter partnar, eller chaîne des dames ('kvinnerekkje'), der kvinnene går forbi kvarandre medan dei tek kvarandre i høgrehanda før dei gjev den andre handa til neste mann, som fører henne inn i danserekkja ved sida si.

Kvadriljar av ulike slag kan framførast som oppvisingsdans eller deltakardans, og ein kan skilja mellom formell, regelbunden dans og friare, meir improviserte typar. Ofte føregår dansen slik at eit hovudpar gjer ein manøver som så blir følgd opp av dei andre. Rørslene i ulike versjonar av dansen varierer. I nokre nyttar ein hoppande dansetrinn, i andre går ein turane. Ein kan bukka og helsa formelt på partnaren eller raskt flytta seg mellom dei ulike parsamanetjingane.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Noteomslaget til ein «militærkvadrilje» frå 1862.

Opphavleg kvadriljemusikk byggjer ofte på folkedansmusikk eller arrangerte operamelodiar. Tidvis blei desse også oppførte utan dansarar. Ein har vidare dansa kvadrilje til ei rekkje lokale musikktypar.

Straussfamilien komponerte fleire kvadriljar. Jacques Offenbach står bak fleire kjende kvadriljar, anten sjølvskrivne eller omforma operastykke. I 1870-åra skreiv Edward Elgar fleire kvadriljar for danseorkesteret ved asylet i Powick.

I Karibia har tradisjonelle kvadriljeband til dømes nytta fiolin, banjo, cuatro, rytmeinstrumentet chac-chac og ei høg tromme på St. Lucia, på Dominica ei jing-ping-gruppe leidd av eit trekkspel og på Guadeloupe fleire rytmeinstrument som ei skrape, risteinstrumentet chacha og triangel. Mange stader har ein også ein person til å ropa ut dei ulike delane av dansen eller musikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvadrilje

Døme med video:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]