Kvadrupelalliansekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvadrupelalliansekrigen
The Battle of Cape Passaro.jpg
Slaget ved Cape Passaro, 11. august 1718 av Richard Paton (olje på lerret, 1767)
Dato 1718–1720
Stad Sicilia, Sardinia, Spania, Skottland, Florida
Resultat Alliert siger, freden i Haag
Partar
Bandera de España 1701-1760.svg Spania Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Savoie flag.svg Savoie
Kommandantar
Flagget til Spania Markien av Lede
Flagget til Spania Hertugen av Montemar
Flagget til Spania Hertugen av Ormonde
Flagget til Spania Antonio Castañeta
Flagget til Frankrike Hertugen av Berwick
Flagget til Det tysk-romerske riket Count de Mercy
Det britiske flagget Lord Cobham
Det britiske flagget Sir George Byng
Flagget til Savoie Hertugen av Savoie
Tap
4 350 drepne eller skadde[1] 11 250 austerrikarar drepne eller skadde
6 000 britar drepne eller skadde
3 000 franskmenn drepne og skadde
2 250 sardarar drepne eller skadde
1 500 nederlendarar drepne og skadde[1]

Kvadrupelalliansekrigen (1718–1720) var ein krig som følgje av ambisjonane til kong Filip V av Spania, kona hans Elisabeth Farnese og sjefsministeren Giulio Alberoni om å ta attende territoria i Italia og gjere krav på den franske trona. Spania tapte krigen mot ein allianse av Storbritannia, Frankrike, Austerrike (då ein stat i Det tysk-romerske riket) og Dei sameinte Nederlanda. Savoie vart seinare med i koalisjonen som ein femte alliert. Sjølv om kampane byrja så tidleg som i 1717, starta ikkje krigen formelt før desember 1718. Han vart avslutta med freden i Haag.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Etter den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) vart Filip, hertugen av Anjou og barnebarnet til Ludvig XIV av Frankrike respektert som kong Filip V av Spania, men med vilkåret om at den franske og spanske krona aldri skulle samlast.

I tillegg hadde Spania med freden i Utrecht mista alle områda sine i Italia og Nederlanda. Dei spanske Nederlanda, hertugdømet Milano, Napoli og Sardinia vart gjevne til det Habsburg-styrte Austerrike, medan Sicilia vart gjeven til hertugen av Savoie. Desse landområda hadde vore under spansk habsburgsk kontroll i nesten to hundre år, og tapet av områda var eit stort slag for landet både praktisk og i prestisje.

Øvst på prioriteringslista for Spania var derimot gjenoppbygginga av landet etter 13 år med krig, som òg hadde vorte utkjempa på spansk territorium. Hovudarkitekten for denne operasjonen var kardinal Alberoni. I 1714 hadde han arrangert ekteskapet mellom enkemannen Filip V og den 21 år gamle Elisabeth Farnese, og vart den personlege rådgjevaren til den nye dronninga. I 1714 vart han statsminister, stabiliserte den spanske økonomien og reformerte finansane. Han starta òg gjenoppbygginga av den spanske flåten (det vart bygd 50 linjeskip i 1718) og reformerte hæren.

Elisabeth Farnese, som hadde fleire dynastiske krav i Italia, stimulerte dei italienske ambisjonane til kong Filip V av Spania og sonen hans, med støtte frå Alberoni.

I Frankrike døydde Ludvig XIV i 1715 og etterlét berre den unge oldebarnet Ludvig XV som etterfølgjaren sin. Filip V, som var det einaste gjenlevande barnebarnet til Ludvig XIV, og sonen hans, var eksludert frå å ta over krona i Frankrike av freden i Utrecht.

Filip V gjorde likevel krav på den franske krona, då den mindreårige Ludvig døydde. Motstanden mot ambisjonane til Filip førte til at Frankrike (der nevøen til Ludvig XIV, Duc d'Orléans no var regent), Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda gjekk i lag i Trippelalliansen den 4. januar 1717.

Særleg Storbritannia hadde vorte veldig uroa over dei spanske ambisjonane i Middelhavet[2] og den russiske ekspansjonen i Austersjøen og sende flåtar til begge områda som førebyggande tiltak. Den franske marinen var sterkt svekt av den siste krigen og kunne ikkje tilby mykje støtte.

Starten av krigen[endre | endre wikiteksten]

Seinare på året, for å forsterke freden i Utrecht, hadde Storbritannia, Frankrike og Austerrike planar om å avstå Sicilia til den tysk-romerske keisaren Karl VI. Dette arrangementet gjorde Spania, som ønskte øya attende, misnøgd.

I august 1717 starta Filip fiendskapen mot Austerrike med å invadere øya Sardinia og tok nytte av at Austerrike var oppteken i den austerriksk-tyrkiske krigen i 1716-1718. Ein flåte på 100 transportskip, verna av 15 krigsskip, førte 9 000 mann kommandert av markien av Lede vart samla. Han segla frå Barcelona til Sardinia, som vart underlagd i november 1717.

Den første austerrikske reaksjonen til denne invasjonen var liten, sidan den austerrikske øvstkommanderande, prins Eugene av Savoie ønskte å unngå ein storkrig i Italia så lenge krigen på Balkan heldt på, og tok opp mykje av dei austerrikske soldatane og ressursane. Til slutt, den 21. juli 1718, enda freden i Passarowitz krigen med Det osmanske riket og den 2. august, førte dette til danninga av kvadrupelalliansen, der keisaren no vart med i trippelalliansen.

Krigen[endre | endre wikiteksten]

I juli 1718 hadde spanjolane samstundes invadert Sicilia, denne gongen med 30 000 mann leia av markien av Lede. Sicilia hadde vorte gjeven til hertugen av Savoie tidlegare. Dei tok Palermo den 7. juli og delte så armeen sin i to. De Lede følgde kysten for å ta Messina mellom 18. juli og 30. september, medan Montemar erobra resten av øya.

Franskmennene, austerrikarane og britane kravde no at Spania trekte seg attende frå Sicilia og Sardinia. Haldninga til Victor Amadeus II av Savoie var fleirtydig, sidan han aksepterte forhandlingar med Alberoni for å danne ein anti-austerriksk allianse.

Den 11. august vart den spanske flåten stasjonert ved Sicilia effektivt eliminert i slaget ved Cape Passaro, der ein britisk flåte leia av Sir George Byng. Dette vart følgd opp på hausten ved at ein liten austerriksk arme gjekk i land, samla saman i Napoli av den austerrikske statthaldaren grev Wirich Philipp von Daun, nær Messina for å heve omleiringa til den spanske styrken. Austerrikarane vart slått i det første slaget ved Milazzo den 15. oktober, og heldt berre eit lite bruhovud kring Milazzo.

Den 17. desember 1718 erklærte franskmennene, britane og austerrikarane offisielt krig mot Spania. Nederlendarane vart etter kvart med i krigen i august 1719.

1719[endre | endre wikiteksten]

Etter å oppdaga Cellamare-konspirasjonen gav Duc d'Orléans ein fransk arme under hertugen av Berwick ordre om å invadere dei baskiske provinsane i Spania i april 1719. Denne armeen møtte liten motstand, men vart råka av store tap på grunn av sjukdom. Eit andre åtak i Catalonia leid same lagnad. I Amerika hadde franskmennene meir hell og tok Pensacola i Florida.

På Sicilia starta austerrikarane ei ny offensiv under grev Claude Florimond de Mercy. Dei tapte først i slaget ved Francavilla (20. juni 1719). Men spanjolane var avskoren frå heimlandet av den britiske flåten og det var berre snakk om tid før motstanden måtte gje seg. Mercy sigra så i det andre slaget ved Milazzo, tok Messina i oktober og kringsette Palermo.

Det var òg i 1719 at den irske eksile, hertugen av Ormonde, organiserte ein ekspedisjon med omfattande spansk støtte for å invadere Storbritannia og erstatta kong kong Georg I med James Stuart, den jakobittiske «Old Pretender». Flåten hans vart derimot spreidd av eit uvêr nær Galicia i 1719, og nådde aldri Storbritannia. ein liten styrke spanske marinesoldatar under George Keith, tiande jarl Marischal gjekk i land nær Eilean Donan, men dei og skottane som støtta dei vart slått i slaget ved Glen Shiel i juni 1719, og håpet om eit opprør rann snart ut i sanden.

Som hemn for dette åtaket erobra ein britisk flåte Vigo og marsjerte innover mot Pontevedra i oktober 1719. Dette skapte sjokktilstandar hos dei spanske styresmaktene som forstod kor sårbare dei var for amfibe åtak frå dei allierte, med potensialet om å opprette ein ny front borte frå den franske grensa.

Franskmennene erobra den spanske busetnaden Pensacola i Florida i mai 1719, og kom eit spansk åtak på Sør-Carolina i forkjøpet. Spanske styrkar tok byen attende i august 1719, men franskmennene tok byen nok ein gong og øydela han før dei trekte seg attende mot slutten av krigen.

Ein 1200 mann sterk spansk styrke sette ut frå Cuba for å ta den britiske busetnaden NassauBahamas. Etter å teke med seg eit stort bytte vart dei til slutt driven bort av den lokale militsen.

Fred[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå freden i Haag i 1720.

Misnøgd med militæret i kongedømet, sa Filip opp Alberoni i desember 1719, og gjorde gred med dei allierte med freden i Haag den 17. februar 1720.

I avtalen vart Filip og Elisabeth tvinga til å gje attende alle territoria dei erobra i krigen. Rettane til den eldste songen deira til hertugdømet Parma og Piacenza etter at det barnlause halv-syskenbarnet til Elisabeth, Antonio Farnese, døydde, vart derimot respektert.

Frankrike gav attende Pensacola og dei andre erobringane nord i Spania i byte for kommersielle fordelar. Som ein del av avtalen måtte hertugen av Savoie byte trona si på Sicilia med det mindre viktige kongedømet Sardinia - noko som seinare skulle vise seg å bli viktig i samlinga av Italia på 1800-talet.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Krigen viste seg å vere eit unikt døme på 1700-talet med Storbritannia og Frankrike på same side. Dette skjedde i ein periode mellom 1714 og 1731 då dei to landa var allierte. Spania vart seinare med i Frankrike i Bourbon-pakta, og dei to vart verande fiendar av Storbritannia.

Krigen synte òg at Storbritannia var i ferd med å verte ei stormakt til sjøs med den suksessfulle bruken av den britiske marinen i Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]