Kvadrupelalliansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvadrupelalliansen viser til fleire historiske militære alliansar, men ingen av dei eksisterer i dag.

  1. Kvadrupelalliansen frå august 1673 var ein allianse mellom Det tysk-romerske riket, Spania, Karl IV av Lorraine og Dei sameinte Nederlanda under den fransk-nederlandske krigen. Det vert stundom sagt at kurfyrsten av Brandenburg, og ikkje hertugen av Lorraine, var den fjerde i alliansen, men dette er ikkje korrekt. Kurfyrsten vart derimot ein del av alliansen i juli 1674.
  2. Kvadrupelalliansen frå 1718 var ein allianse mellom Austerrike, Frankrike, Dei sameinte Nederlanda og Storbritannia som hadde som mål å endre (hovudsakleg på kostnad av Spania) avtalar som enda den spanske arvefølgjekrigen, sjå kvadrupelalliansekrigen.
  3. Kvadrupelalliansen frå 1745 vart danna mellom Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Sachsen og Austerrike i dei seinare delane av den austerrikske arvefølgjekrigen.
  4. Kvadrupelalliansen frå mars 1813 (fornya 20. november 1815); mellom Storbritannia, Austerrike, Preussen og Russland, hadde som mål å oppretthalde avgjerslene etter napoleonskrigane, og Frankrike vart ein del av alliansen i 1818. Storbritannia likte ikkje den reaksjonære politikken til dei andre allierte, og alliansen vart derfor meir eller mindre ineffektiv etter midten av 1820-åra.
  5. Kvadrupelalliansen frå april 1834 vart danna av Storbritannia, Frankrike, Spania og Portugal for å støtte dronning Isabella II av Spain mot onkelen hennar Don Carlos, greve av Molina, som gjorde krav på den spanske trona etter arvelova frå 1714-1830 og dronning Maria II av Portugal, representert av faren, Pedro I av Brasil, tidlegare keisar av Brasil og konge av Portugal.
  6. «Kvadrupelalliansen» vart òg stundom nytta om Sentralmaktene under den første verdskrigen og bestod av Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Bulgaria.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]