Kvaløyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvaløyfjorden er ein fjord rett vest for Haugesund på grensa til Karmøy kommune. Fjorden ligg mellom Kvaløya nord for Føyno i sør og Røvær i nordvest og strekkjer seg 6 km inn til det nordlege innløpet til Karmsundet. Fjorden er ei fortsetjing av Urterfjorden som ligg lenger vest. På austsida av Kvaløy og sørover forbi Føyno ligg Føynfjorden, medan Røværsfjorden ligg lenger nord. På nordsida av fjorden ligg øyane Bjørkevær og Indrevær, som høyrer til øysamfunnet Røvær.